Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjønn i buddhismen

Synet på kjønn i buddhismen varierer frå stad til stad og har endra seg over tid. Ifølge dei tidlege tekstane har kvinner og menn same høve til å nå oppvakning.

Det er ei prinsipiell kjønnslikestilling i buddhismen ettersom begge kjønn har same føresetnader for å nå oppvakning. Likevel nølte Buddha først med å ordinere kvinner, og nonner er underlagde fleire klosterreglar enn munkar. I løpet av 2000 år har buddhismen spreidd seg til mange samfunn og kulturar, der kvinnesyn og kjønnsroller har blitt påverka av kulturelle faktorar der religionen har slått rot.

Lære og heilage tekstar

Ifølge karma- og atterfødingslæra til buddhismen har alle levande vesen hatt tidlegare liv både som menn og kvinner. Atterføding som kvinne blir sett på som mindre gunstig på grunn av lidingar ein mann ikkje går gjennom, inkludert menstruasjon, graviditet og fødsel, og dessutan det å måtte forlate familien ved giftarmål, som var vanleg i India på Buddhas tid. Begge kjønn har ifølge dei tidlege tekstane likevel det same høvet til å nå oppvakning (nirvana).

Litteraturen i buddhismen er i stor grad skriven om og for menn og uttrykker eit ambivalent syn på kvinner. Historia om skipinga av nonneordenen illustrerer dette.

Skipinga av nonneordenen

Skiljet mellom ("vanlege" praktiserande buddhistar) og ordinerte (munkar eller nonner) har vore viktigare i ein buddhistisk kontekst enn skiljet mellom kjønna. Ifølge tradisjonen forlét Buddha sjølv familielivet til fordel for sanghaen (ordensfellesskapen). Derfor er nonneordenen viktig i kjønnsspørsmål innanfor buddhismen.

Nonnetradisjonen blei oppretta fem år etter munkeordenen. Skrifta fortel at Buddha først var skeptisk til at kvinner skulle få ta del i ordensfellesskapen, men at Ananda, ein av Buddhas disiplar, overtalte han ved å setje han fast i ein logisk diskusjon. Ifølge Buddhas lære har kvinner dei same føresetnadene som menn for å nå nirvana, og buddhistar argumenterer i dag for at det sannsynlegvis var sosiale konvensjonar i samtida som gjorde Buddha skeptisk til å la kvinner ta del i ordensfellesskapen. Ei anna bekymring kan ha vore redsel for at nærværet av kvinner kunne freiste mennene, då munkar og nonner praktiserer sølibat.

Ein hyppig debattert og kontroversiell tilføying på slutten av denne historia er at Buddha uttaler at sanghaens levetid vil halverast etter innpasset til kvinnene. Han samanliknar eksistensen til kvinnene i ordensfellesskapen med mugg i eit ris-felt.

Nonnene fekk ein underordna posisjon i sanghaen i forhold til munkar. Dette kjem til uttrykk gjennom at dei har fleire reglar å ta omsyn til. Til dømes må ei eldre nonne alltid bøye seg for ein nyleg ordinert munk. Buddhas stemor Prajapati var den første ordinerte nonna.

Søstrenes sanger

Ifølge tidlege tekstar hadde ei rekke nonner nådd opplysning ("langt fleire enn 500") og vandra rundt som religiøse lærarar. Teksten "Therigatha" (Søstrenes sanger) inneheld dikt om opplevingar og erfaringar frå nokre av desse kvinnene. Somme hadde flykta frå vanskelege livssituasjonar og prøvelsar, mellom anna fortel teksten om ei tidlegare prostituert som blei nonne. Ei anna kvinne hadde mista barna sine, mens andre igjen kanskje hadde høyrd Buddha sjølv tale og blei inspirerte til å la seg ordinere.

Historiske endringar

Buddhismen har gjennom åra slått rot i mange land, og synet på kjønn blir påverka av kulturelle normer der han har slått rot. Når buddhismen slo rot i patriarkalske kulturar, forverra posisjonen til både nonner og lekkvinner seg med tanke på Buddhas lære slik denne kjem til uttrykk i tekstane. Historisk har den buddhistiske tradisjonen derfor vore mannsdominert, og vi veit lite om kvinnene si rolle.

I Therevada-tradisjonen blei ordinasjonsrekka av nonner etter kvart broten og døydde ut. Kvinner som tilhøyrer Therevada-buddhismen, kan i dag ta nonneløfte for ein avgrensa periode. Somme lever som nonner livet ut, men utan nokon formell status i sanghaen. Det er framleis nonneordenar i dei austlege mahayana-tradisjonane, men nonnene speler her ei underordna rolle i forhold til munkane. Nonneordenen overlevde her delvis fordi han utgjorde ein fristad frå den låge statusen kvinner generelt hadde i desse samfunna.

Eit konkret døme på korleis buddhismen blir påverka av og blir tilpassa kulturar han slår rot i, finn vi i Japan, der munkar har lov til å gifte seg.

Kjønnsroller / praksis i dag

Trass i sanghaen sin posisjon er majoriteten av buddhistar vanlege lekfolk – ikkje munkar og nonner. Familielivet er formålstenleg for dei som forpliktar seg til eit klosterliv i sølibat. Ekteskapet blir ikkje sett på som heilagt eller ei religiøs handling, men som ein sekulær partnarskapskontrakt. Munkar kan velsigne ekteparet, men utfører ikkje sjølve bryllaupsseremonien, og ofte ligg lokale bryllaupsskikkar til grunn. Til dømes er det i Japan vanleg å bruke shintoistiske ritual, sjølv om kristeninspirerte såkalla "kvite bryllaup" byrjar å bli populære.

Buddhistisk bryllaup

I videoen under kan du sjå korleis ulike kulturar blir blanda i bryllaupsseremonien når eit japansk par vel å gifte seg i eit tibetansk buddhisttempel i Canada.

Beskriving av filmen

Bryllupsseremonien går føre seg i eit rikt utsmykka tempel. Inst i tempelet er det eit alter med ein stor buddhastatue. Seremonien blir leia av buddhistmunkar kledde i raude kapper som sit langs sidene i tempelet. Bak dei sit resten av gjestene. I bakgrunnen høyrest tibetansk strupesong. Brudeparet er kledd i tradisjonelle japanske drakter og sit på golvet vende mot buddhastatuen.

Ein av munkane held eit lite septer og ringer i ei bjølle. Munkane speler òg på ulike tradisjonelle instrument. Ein av munkane held ein tale for brudeparet og ber for at dei skal få eit lykkeleg liv. Brudeparet får delt ut ei bok, og dei les saman frå boka.

Brudeparet gir kvarandre ringar. Det blir sett fram ei bryllaupskake, og brudeparet kuttar det første stykket saman. Alle i tempelet et kake. Brudeparet matar kvarandre og ler. Til slutt blir brudeparet fotografert mens dei held ein japansk paraply.

Lokale skikkar blir brukte fordi livsbekreftande ritual som handlar om å vere i verda ikkje har vore sentrale, og det finst derfor ingen felles buddhistiske overgangsritual som har utspring frå Buddha. Unntaket her er ordinasjonen i sangha; mellom anna er det i land som Thailand vanleg at unge gutar blir ordinerte for ein kort periode av livet, ein status som òg modnar og klargjer han for ekteskapet.

Sosialt liv er på same måten som den historiske konteksten og bruken av overgangsritual påverka av kvar Buddhismen slo rot, og det er vanskeleg å seie noko generelt om buddhistiske kjønnsrollemønster. I dagens Burma, til dømes, er kvinner og menn så å seie likeverdige sosialt, sjølv om eit fleirtal av kvinner ønsker ei mannleg atterføding i det neste livet sitt. I Thailand derimot, blir det sett på som betre å vere ei velståande kvinne enn ein fattig mann. I austlege buddhistiske land som Kina har konfutsianismen påverka sosial etikk, og kvinner har generelt hatt ein lågare posisjon enn menn, noko som kom til uttrykk gjennom at ho skulle rette seg etter far sin, mannen sin, og til slutt dei vaksne sønene sine når ho eventuelt blei enke.

Den norske paraplyorganisasjonen Buddhistforbundet framhevar på nettsidene sine at kvinna har ein verdig posisjon i hushaldet og dermed også speler ei viktig rolle i samfunnet, mellom anna som kjærleg mor og som støtte for mannen.

Likestilling og feminisme i ein buddhistisk kontekst

Moderne spørsmål om likestilling innanfor buddhismen inkluderer mellom anna gjenopprettinga av ein nonneorden i Therevada-tradisjonen. Ein del kvinner i sør-Asia føretrekker likevel dagens situasjon der dei er mindre avhengige av munkane utan den formelle statusen som nonner.

Tredje og fjerde kjønn

Ifølge tidlege buddhistiske tekstar kan ein person sitt kjønn forandre seg både i løpet av livet og mellom liv. Tekstane opererer med fire kjønnskategoriar: mann, kvinne, hermafroditt (tvekjønna) og evnukk (utan testiklar), og dei to siste kan ifølge klosterreglane ikkje ordinerast i sangha.

Kjelder

  • Buddhistforbundet (u.å.) Kvinner i buddhismen. Henta 4.5.2022. https://buddhistforbundet.no/kvinner-i-buddhismen/

  • Harvey, P. (1990) An introduction to Buddhism. Teachings, history and practices. Cambridge university press.

  • Harvey, P. (2000) An introduction to Buddhist ethics. Foundations, values and ethics. Cambridge University Press.

  • Jacobsen, K. (2000) Buddhismen. Pax.

  • Prebish, C. S. & Keown, D. (2009) Introducing Buddhism. Routledge.

Relatert innhald