Hopp til innhald
Oppgåve

Skapinga og Adam og Eva

Forteljinga om Adam og Eva er ein viktig del av skapingsforteljinga i dei tre abrahamittiske religionane. Kva seier forteljinga om mann og kvinne?

Oppgåve 1: Skapinga av mann og kvinne

I Bibelen finn vi to ulike forteljingar om skapinga av mennesket. Les dei to utdraga og svar på spørsmåla.

  1. Kva syn på mann og kvinne kjem fram i dei to forteljingane?
  2. Kvifor trur du desse forteljingane er blitt brukte til å forsvare ulike syn på kjønn i kristendommen gjennom historia?

Oppgåve 2: Adam og Eva

Les forteljinga om Adam og Eva frå Bibelen.

  1. Kva syn på kvinna kjem fram i forteljinga?
  2. Korleis trur du denne forteljinga kan ha påverka synet på kvinner?