Fordjuping: Religion og kjønn
Tema
Sidan det finst så stort mangfald innetter i religionane, er det lurt å snevre inn problemstillinga di når du skal fordjupe deg. For det første må du bestemme deg for kva side ved temaet kjønn og religion du vil utforske. Her er det mange moglegheiter:
- Kva roller har kvinner og menn i familien og samfunnet?
- Kva moglegheiter har kvinner til å innta religiøse leiarroller (til dømes som prest)?
- Er det ulike reglar for kvinner og menn, og korleis blir det gitt grunnar til desse reglane? (til dømes tildekking)
- På kva måtar er kvinner og menn forskjellige? Har dei til dømes ulike eigenskapar og evner?
Arbeidsmåte
Deretter må du bestemme deg for korleis du skal jobbe med dette temaet. Dette kan gjerast på fleire måtar:
- Ta for deg det som står i dei heilage tekstane.
- Ta for deg det offisielle synet i ei bestemt religiøs retning.
- Ta for deg eitt konkret personleg syn på saka.
- Ta for deg korleis religion blir brukt til å forsvare og underbyggje eit bestemt syn på kjønn og kjønnsroller.
Samanlikning
Alle desse punkta kan også vere utgangspunkt for samanlikning. Du kan til dømes samanlikne kva Koranen og Bibelen seier om kvinna si rolle i familien, eller du kan undersøkje korleis religion blir brukt for å underbyggje og forsvare likestilling mellom kjønna i buddhismen og hinduismen. Det er også mogleg å samanlikne same tradisjon på to ulike tidspunkt og undersøkje korleis og kvifor synet på kjønn har endra seg over tid.
- Vel deg eit tema og finn ut korleis du vil jobbe med temaet. Listene over kan vere til hjelp.
- Formuler ei problemstilling ut frå temaet og arbeidsmåten du har valt.
- Finn relevante kjelder.
- Lag ein presentasjon eller skriv ein tekst der du drøftar problemstillinga.
Relatert innhald
Kva må ein tenkje på når ein skal finne kjelder til religionar eller livssyn?
Ei oversikt over Ninian Smarts sju religionsdimensjonar.