Kjønn i sikhismen
Likskapsprinsippet står sterkt i sikhismen også i dag, og i ein gurudwara vil du kunne finne kvinner som resiterer dei heilage tekstane og menn som jobbar på kjøkkenet. Likevel finn vi få kvinner i prominente roller i historia til sikhismen, og dei ti guruane er alle menn.
Likeverd er sentralt i den heilage boka til sikhane, Guru Granth Sahib. Kjønn er irrelevant for frelse, som er tilgjengeleg for alle gjennom meditasjon på Guds heilage namn. Gud finst i alle vesen, og alle er like for Gud. Trass i dette er alle hymnane i boka forfatta av menn, og som i dei fleste religionar vender dei heilage tekstane seg særleg til menn. Til dømes står det i Sikh Rahit (etiske og kulturelle retningslinjer) at ein mann skal behandle alle kvinner som ikkje er deira eiga kone som døtrer eller mødrer.
Gud er heva over kjønn og blir omtalt i Guru Granth Sahib utan å definerast som han eller ho, sjølv om ei rekke eigennamn (både kvinnelege og mannlege) blir brukte. Dette trekket fell ofte bort i europeiske omsettingar, som får eit maskulint og kanskje kristent preg.
På guru Nanaks tid (1400–1500 talet) hadde kvinner ei underordna rolle i det indiske samfunnet. Guru Nanak og etterfølgarane hans tok avstand til ei rekke kvinnediskriminerande praksisar, mellom anna åtskiljing mellom kjønn, reinleiksreglane i hinduismen knytte til til dømes menstruasjon og barnefødsel, enkebrenning og abort av jentefoster.
Det er få sentrale kvinneskikkelsar i historia til sikhismen, mellom anna er alle dei ti guruane menn. I forteljingstradisjonane til sikhismen er kvinner stort sett bakgrunnsfigurar. Kjende unntak inkluderer krigarkvinner som Mai Bhago, livvakta til den 10. guruen og den 5. guruens kone, Mata Sundari. Sistnemnde er kjend for å ha sukra udødelegheitsdrikken amrit som dei første sikhane blei innvigde med i 1699. Ho leidde òg sikh-samfunnet i fleire år etter at mannen døydde. Sikhane sjølv meiner at sidan dette skjedde, har kvinner blitt innvigde i khalsaen (sikh-fellesskapen) på lik linje med menn og motteke etternamnet Kaur. Mennene får etternamnet Singh når dei blir innvigde. At alle menn heiter det same og alle kvinner det same, er eit uttrykk for likskap.
Sjølv om historia til sikhismen har vore mannsdominert, har kvinner i aukande grad sentrale roller i sikhismen i dag. Alle religiøse roller og ritual er i prinsippet opne for både kvinner og menn, og det finst ikkje noko presteskap i sikhismen. Det finst likevel fleire ritual og rituelle roller som tradisjonelt har blitt reservert for menn. Til dømes søkte ei gruppe amerikanske sikhar på 1990-talet om å få utføre den daglege rituelle vasken av det heilagste rommet i Harimandir Sahib, sikhane sin heilage stad i Amritsar, som også blir kalla Det gylne tempel. Kvinnene fekk medhald, men dei blei ikkje høyrde i ønsket om å få delta i å flytte den heilage boka Guru Granth Sahib til sovekammeret sitt for kvelden. Begge desse døma viser at idéen om likestillingsprinsippet er i stadig endring og forhandling.
Likestilling og likeverd mellom kjønna står sentralt i etikken til sikhismen og blir gjerne framheva av sikhar. I gurudwaraen blir menn og kvinner behandla likt og inntek langar-måltidet side ved side. Både menn og kvinner kan resitere og leie høgtlesing frå Guru Granth Sahib, og kvinner og menn er likestilte på religiøs, økonomisk og politisk grunnlag.
Langar-måltidet
Langar er eit gratis fellesmåltid, laga til i kjøkenet til gurdwaraen. I India serverer gurdwaraer mat heile dagen, og i andre land blir langar servert etter samlingar i helgane. Sikhar gir råvarer til gurdwaraen som ei form for seva (teneste for andre). Også dei som lagar maten, serverer og vaskar opp, gjer seva. Under måltidet skal ein ikkje ta imot meir mat enn ein klarer å ete. Mat skal ikkje sløsast bort.
I videoen under kan du sjå klipp frå eit langar-måltid. Her kan du sjå korleis mange menneske jobbar saman for å lage til maten til langar-måltidet. Dei sit i lag på golvet og et, og dei samarbeider om å rydde og vaske opp. På kva måtar tenker du at eit slikt måltid kan vise verdiar som likeverd og likestilling? Videoen varar i tre minutt.
Familielivet er det høgaste livsstadiet i sikhismen, i motsetning til i hinduismen der ein mann ifølge læra om livsstadium (ashrama) må forlate kona si for å oppnå frelse gjennom askese, tilbaketrekking frå samfunnet. I sikhismen blir ein tvert imot frelst ved å bli verande i samfunnet. Ekteskapet og kjærleiken mellom mann og kone er slik sett ein del av vegen til frelse, der ekteparet blir éi sjel i to kroppar.
Trass i likestillingsideala til sikhismen blir religionen òg påverka av kjønnsroller og kulturelle førestillingar om kjønn. Fleire lokale skikkar og normer i Punjab, hovudsetet til sikhismen i India, bidreg til at det er skeivskap mellom kjønna også i dag, noko som mellom anna kjem til uttrykk i høge aborttal på jentefoster på grunn av medgift, og det at ekteparet tradisjonelt buset seg hos familien til mannen og tek seg av foreldra hans når dei blir eldre.
Sihkar i Noreg i dag opplever i stor grad at dei er likestilte, og det at kvinnelege skikkelsar er i fåtal samanlikna med menn i historia til sikhismen, blir gjerne tilskrive historiske samfunnsforhold. Ulike grupper innan sikhismen prøver likevel å heve statusen til kvinner, slik som gruppa nemnd ovanfor, som kjempar for tilgang til tradisjonelt mannsdominerte ritual.
Turbanen, som blir forstått som eit symbol på likeverd, er ein sentral og synleg del av identiteten til sikhane. Mens mannlege sikhar som er innvigd i khalsaen er forventa å bere turban, er dette frivillig for kvinner, men somme vel å gjere det på bakgrunn av likestillingsprinsippet. Eit anna uttrykk for likskapsprinsippet i sikhismen er at fleire førenamn blir brukte både av menn og kvinner.
Breidlid, H. (2020) Sikher. Universitetsforlaget.
Jacobsen, K. A. (2021) Sikhismen. Historie, tradisjon og kultur. Cappelen Damm Akademisk.
Nesbitt, E. (2005) Sikhism. A very short introduction. Oxford university press.
Gender and Religion: Gender and Sikhism. (u.å.). I Encyclopedia of Religion. Henta 26. september 2022 frå https://www.encyclopedia.com/environment/encyclopedias-almanacs-transcripts-and-maps/gender-and-religion-gender-and-sikhism
Relatert innhald
Gjennom meditasjon på Guds namn og gjennom å tene andre kan mennesket endre seg frå sjølvsentrering til kjærleik og foreining med Gud.