Hopp til innhald
Oppgåve

Oppsummering: filosofi og kjønn

Diskusjon

Diskuter i grupper eller i plenum:

  • Kva er viktigast: Å hjelpe og vise omsorg for den næraste familien din, vener og menneske i nærmiljøet ditt, eller å hjelpe og støtte menneske som er offer for fattigdom, krig og undertrykking?
  • Er det nokon forskjell mellom korleis gutar og jenter tenkjer om moralske spørsmål i dag? Kva kan eventuelt desse forskjellane eller likskapane skuldast? Grunngi svaret.
  • Kva er forskjellane og likskapane mellom på Carol Gilligan og Simone de Beauvoir sitt syn på kjønn?

Refleksjonsnotat

Skriv eit refleksjonsnotat der du diskuterer dei ulike filosofane sitt syn på kjønn. Kva for perspektiv på kjønn er du mest einig og ueinig i? Prøv å bruke minst tre fagomgrep og tre namn frå lista under.

  • Platon
  • Aristoteles
  • Mary Wollstonecraft
  • Ekteparet Mill
  • like rettar
  • forskjellsfeminisme
  • likskapsfeminisme
  • Judith Butler
  • Simone de Beauvoir
  • det andre kjønnet
  • eksistensiell fridom
  • inautensitet
  • Caroll Gilligan
  • omsorgsetikk