Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

På tro og Are – ein omdiskutert dokumentar

I 2010 laga NRK ein dokumentarserie om religion med programleiar Are Sende Osen, med tittelen På tro og Are. Episoden om buddhismen fekk mykje kritikk. Sjå episoden og diskuter kritikken han fekk.

1. Før de ser filmen

Diskuter i klassen:

  • Kva vil det seie å vere ein kritisk mediebrukar?

  • På kva måtar trur de ein dokumentarfilm kan presentere religion feilaktig?

2. Mens de ser filmen

Prøv å vere merksam på desse punkta mens de ser filmen, og gjer gjerne notat undervegs:

  • Vinkling: Kva vel dei som har laga dokumentaren, å legge vekt på?

  • Representasjon: Kven er vald ut til å representere buddhismen i dokumentaren?

  • Faktaopplysningar: Er det nokon faktaopplysningar du stussar over?

  • Bruk av humor: Kan noko av humoren i filmen verke støytande på enkelte, trur du?

3. Diskuter

Episoden fekk kritikk for fleire ting. Kva trur de kritikken gjekk ut på?

4. Undersøk

Les artikkelen Buddhistforbundet klager på ni år gammelt NRK-program – igjen.

  • Skriv ned dei ulike tinga som Buddhistforbundet og fagfolka har reagert på.

  • Noter òg NRK sine viktigaste argument mot kritikken.

5. Del og diskuter

  • Del det de har funne, og skriv dei viktigaste punkta på tavla.

  • Gå gjennom kritikken mot NRK og diskuter: Er de einige i kritikken?

  • Gå gjennom NRKs argument mot kritikken og diskuter: Er de einige i argumenta?

  • Burde NRK ha denne episoden liggande på skulesidene sine?

6. Representasjon

Ei kritisk innvending som kom fram etter at NRK sende denne episoden, var at dei to unge buddhistane Annie og Liti vart sette i ein vanskeleg situasjon som dei ikkje var førebudde på. Dei måtte ta rolla som representantar for religionen sin i vanskelege spørsmål rundt karma og kjønn.

Diskuter:

  • Var det urettferdig å sette Annie og Liti i ein slik situasjon?

  • Bør ein kunne forvente at alle som tilhøyrer ein religion, skal kunne forklare og forsvare alle sidene ved religionen?

  • Kva er fordelane ved å la "vanlege folk" representere religionen sin i media?

  • Kva er fordelen ved å la religiøse autoritetar eller talspersonar representere religionen sin i media?

  • Kven meiner de bør representere religionar i media?

7. Vinkling

I starten av episoden seier programleiar Are Sende Osen:

Eg hadde høyrt veldig mykje positivt om buddhistane. Dei er snille som dagen er lang, avslappa, tolmodige og vennlege. Kanskje eg kunne lære noko av desse folka? Forventningane var i alle fall på topp.

Diskuter:

  • Korleis endrar Ares syn på buddhistar seg undervegs i episoden?

  • Kva fortel denne endringa om vinklinga filmskaparane har valt i denne episoden?

  • Kvifor trur de filmskaparane har valt ei slik vinkling?

  • Kvifor er det viktig å vere merksam på vinklinga når de ser ein dokumentarfilm?

8. Refleksjon

  • Kva har du lært i denne oppgåva som du kan ha nytte av neste gong du ser religion eller livssyn bli presentert i media? Skriv dei ned dei tre viktigaste tinga.

  • Sett deg saman med ein medelev og samanlikn kva de har komme fram til.

Vidare utforsking

Samanlikn På tro og Are-episoden om buddhismen med episoden om islam. Sjå spesielt på korleis dei som har laga episoden, vel å bygge opp historia, og kva sider ved religionen dei legg vekt på.

Kva forskjellar finn de?

Kva kan vere årsaka til desse forskjellane, trur de?

På tro og Are: Islam

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Religion i media