Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kjønn og religion

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 25.06.2020

Kjønn og religion

CC BY-SA 4.0

Kva må du tenkje på når du skal studere kjønn og kjønnsroller i ein bestemt religion?

Fagartikkel

Korleis utforske kjønn og religion?

Synet på kjønn i religionane har fått mykje mediemerksemd dei siste åra. Det er eit tema som ofte vekkjer sterke kjensler og mykje debatt. Kva må du tenkje på når du skal studere kjønn og kjønnsroller i ein bestemt religion?

Det er vanskeleg å gi ei utfyllende utgreiing for synet på kjønn i ein religion. Når du fordjupar deg i dette temaet, vil du raskt sjå at ting ikkje er svart-kvitt, og at det er vanskeleg å generalisere.

Kjønn i dei heilage tekstane

Ein god stad å starte er å sjå kva som er skrive i dei heilage tekstane. Når ein bruker desse tekstane som kjelde, er det fleire ting ein må ta omsyn til.

Historisk kontekst

Sjølv om synet på kjønn som kjem fram i desse tekstane i dag, kan verke kvinneundertrykkjande og gammaldagse, kan dei ha betydd eit framskritt for kvinner i si samtid. Dette gjeld til dømes for kvinner sine rettar i Koranen. Kvinner og menn har ikkje like rettar i Koranen, men det at kvinner i det heile teke fekk rettar, var ganske revolusjonerande i si tid.

Kva for tekstar er viktige i dag?

Det er ikkje alle tekstar i ein religiøs tradisjon som er like viktige. I kristendommen er til dømes Det gamle testamentet mindre sentralt enn Det nye testamentet. Likevel er det enkelte tekstar frå Det gamle testamentet som av mange kristne blir brukte som grunnlag for synet deira på kjønn – til dømes historia om Adam og Eva frå 1. Mosebok.

For å finne ut kva tekstar som er relevante for dagens religiøse, må du gå til andre typar kjelder som seier noko om dette. Dette kan vere alt frå leksikon-artiklar, fagbøker, heimesidene til eit trussamfunn eller blogginnlegg. Då er det viktig at du er medviten om kven som står bak desse kjeldene, og om dei har eit innanfrå- eller utanfråperspektiv.

Relatert innhald

Ulike tolkingstradisjonar

Det er ikkje berre forskjell på kva for tekstar som er relevante – tekstane blir også tolka ulikt i ulike tradisjonar. Somme ser tekstane som menneskeskapte produkt av si tid. Desse vil ofte leggje mest vekt på ein hovudbodskap i tekstane som dei kan relatere seg til, mens meir konkrete utsegn om kjønn og kjønnsroller ikkje blir sette på som relevante lenger i eit moderne samfunn.

Andre har eit meir fundamentalistisk eller konservativt syn på tekstane. For desse er dei heilage tekstane ei evig sanning gitte av Gud. Men sjølv fundamentalistar må tolke tekstane og prøve å finne ut korleis dei skal blir forstått i vår tid.

Relatert innhald

Religion eller kultur?

Religion er alltid del av ein kultur, og det finst tallause kulturelle variantar av dei ulike religionane. Kristendom i Noreg kan arte seg ganske forskjellig frå kristendom i Texas, Brasil eller Kongo. Det er lett å gløyme at den lutherske kristendommen vi er vande med i Noreg, er ei ganske uvanleg form for kristendom, og ho er ikkje veldig representativ for kristendom generelt.

Den norske kyrkja har kvinnelege prestar, men dette blei praksis først på 1960-talet. Det var heilt utenkjelig med kvinnelege prestar under Martin Luthers reformasjon på 1500-talet. Betyr dette at synet på kvinnelege prestar i Den norske kyrkja berre handlar om at kyrkja har tilpassa seg endringar i norsk kultur? Eller er det sider ved luthersk kristendom som gjer det lettare for henne å ta opp i seg slike tankar enn det til dømes er for den katolske kyrkja?

Det er ofte vanskeleg å avgjere kor grensa går mellom religion og andre delar av ein kultur. Mange stader er religionen så innvoven i alle delar av kulturen, at det er umogleg å skilje dei to.

CC BY-SA 4.0Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2019