Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kjønn og religion

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 25.06.2020

Dialog om kjønn

CC BY-SA 4.0

Kva skjer nå to kristne, to muslimar og to buddhistar set seg saman for å snakke om religion og kjønn?

Oppgåve

Dialog om kjønn og religion

Kva skjer no to kristne, to muslimar og to buddhistar set seg saman for å snakke om religion og kjønn?

Før du ser videoen

Kva veit du frå før om synet på kjønn i kristendommen, islam og buddhismen?

Video: Applaus! Film & TV / CC BY-SA 4.0

Etter at du har sett videoen

  1. Var det noko som overraska deg, provoserte deg eller som du syntest var spesielt interessant?
  2. Kristne er ueinige om kvinner kan bli prestar. Kva argument for og mot kvinnelege prestar kjem fram i videoen? Kjenner du til fleire argument?
  3. Enkelte buddhistar meiner kvinner ikkje kan oppnå nirvana. Korleis kan eit slikt syn ha utvikla seg? Kvifor trur du mange norske buddhistar er ueinige i dette synet?
  4. I islam er det vanleg at kvinner dekkjer seg til med ulike hovudplagg som hijab og nikab. Kvifor trur du det er viktig for somme muslimske kvinner å bruke slike hovudplagg? Kvifor trur du dette spørsmålet har fått så mykje merksemd i media?
CC BY-SA 4.0Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2019