Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dydsetikk – oppgåver

Kva er eit godt menneske? Korleis skal vi klare å finne den gylne middelvegen i moralske spørsmål? I desse oppgåvene skal du reflektere over ulike sider av dydsetikken.

Oppgåve 1: Den gylne middelvegen

Finn den gylne middelvegen i følgjande situasjonar:

Oppgåve 2: Eit godt menneske?

Oppgåve A

Les dei fire personskildringane under. Kven av desse personane er gode menneske, meiner du? Kva for positive og negative eigenskapar (dydar og laster) har dei ulike personane?

Oppgåve B

  1. Gå saman i grupper og diskuter svara dykkar. Klarer de å bli einige om kven som er gode menneske? Kvifor? Kvifor ikkje?
  2. Samanlikn svara dykkar på forrige spørsmål med Aristoteles sin dydsetikk. Kva for forskjellar og likskapar finn de?
  3. Ifølgje Aristoteles blir ein eit godt menneske gjennom øving. Prøv å bli einige om minst tre ting som de meiner er viktige for å lære å bli eit godt menneske.
  4. Diskuter til slutt om vi treng moralske ideal å strekkje oss etter. Ser de nokon farar ved å setje opp eit slikt ideal?

Kjelder

Aristoteles (1999). Den Nikomakiske etikk. Oslo: Bokklubben Dagens Bøker

Information (1998, 6. oktober). At overleve. Henta frå https://www.information.dk/2007/07/overleve

Kvalnes, Ø. & Øverenget E. (2002, 23. november). Moralske helgener. Dagbladet. Henta frå https://www.dagbladet.no/kultur/moralske-helgener/65850856

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2019

Læringsressursar

Etiske modellar