Hopp til innhald

Fagstoff

Pliktetikk

Er det rett å drepe eitt menneske for å redde livet til fleire andre? Nei, ikkje nødvendigvis. Ifølgje pliktetikken finst det nokre reglar for kva som er rett og gale uavhengig av konsekvensane – reglar eller prinsipp som seier at det er absolutt galt å lyge, stele eller drepe eit anna menneske.
Soldat sit på huk på ei slagmark. Bak han ligg ein død eller skada soldat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finst det nokon absolutte grenser for kva som er rett og gale? For amerikanaren Desmond Doss var det å drepe eit anna menneske ei slik grense. På grunn av det kristne livssynet sitt nekta han å ta i eit våpen. Likevel melde han seg frivillig som soldat under den andre verdskrigen fordi han meinte det var ein rettferdig krig. Etter krigen blei han den første pasifisten som mottok Kongressens æresmedalje for heltemot i kamp.

Desmond Doss var ein typisk pliktetikar. Han meinte at han hadde ei plikt til ikkje å drepe, fordi det femte bodet i Bibelen seier: «Du skal ikkje slå i hel». Doss tolka dette bodet bokstaveleg. Han følgde det uavhengig av kva han sjølv måtte føle og kva for konsekvensar det kunne føre til.

Ulike typar pliktetikk

Det finst to hovudformer for pliktetikk:

Den heteronome pliktetikken hevdar at dei moralske pliktene stammar frå noko utanfor individet, til dømes Gud. Det kan vere religiøse bod, som dei ti boda i Bibelen eller sharia i islam. Dei moralske pliktene kan også komme frå tradisjonar eller frå lovverket.

Den autonome pliktetikken hevdar at dei moralske pliktene stammar frå individet sjølv. Det kan bety at du kjem fram til moralske prinsipp i felleskap med andre, til dømes gjennom ein kontrakt eller diskusjon. Det kan også bety at du har ei indre kjelde til moralsk kunnskap og sjølv kan fastslå kva for moralske reglar og prinsipp som er gyldige.

Den mest kjende representanten for den autonome pliktetikken er Immanuel Kant. Han hevdar at dei moralske pliktene stammar frå mennesket si eiga fornuft.

Moses tek imot steintavla med dei ti boda frå Gud. Gud kjem ut av ei sky og er omgitt av englar som speler på basunar. Fargelagt trykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kant og det kategoriske imperativet

Ifølgje Kant er mennesket eit autonomt vesen. Det vil seie at vi er frie og kan bestemme over oss sjølve, men det betyr ikkje at vi kan gjere kva vi vil. Kant meiner at vi ikkje er frie viss vi blindt lèt oss styre av kjenslene og instinkta våre. Då er vi ikkje noko anna enn eit dyr. Frie er vi først når vi tek kontroll over våre eigne handlingar og lèt oss styre av fornufta.

Viss vi følgjer vår eiga fornuft, vil vi oppdage at ho kan fortelje oss kva for handlingar som er moralsk rette og gale. Fornufta gir oss innsikt i ei moralsk lov som Kant kallar det kategoriske imperativet. Morallova er «kategorisk» fordi ho gjeld over alt utan unntak, og ho er eit «imperativ» fordi ho fortel deg kva du skal gjere. Kant formulerer det kategoriske imperativet på fleire måtar. Her er ein forenkla versjon av den mest kjende.

Universallovformuleringa: Du skal handle slik at grunnlaget for handlinga di kan bli gjort til ein regel for alle menneske.

Ei kvinne slår ein mann. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølgje Kant følgjer vi alltid bevisst eller ubevisst ein underliggjande regel når vi handlar. Viss du til dømes stel ein mobiltelefon fordi du har lyst på han, følgjer du ein regel som seier at det er greit å stele det ein har lyst på.

Når du skal finne ut om noko er moralsk rett eller gale, må du spørje deg sjølv: Kan den regelen som ligg til grunn for handlinga di gjerast til ei lov som gjeld alle menneske? Går det an å ville at alle andre følgjer den same regelen som deg sjølv?

Viss du stel ein mobiltelefon fordi du har lyst på han, kan du samtidig ville at alle andre også stel det dei har lyst på?

Svaret på dette spørsmålet er nei. Viss du stel ein mobiltelefon fordi du vil ha han, kan du ikkje samtidig ville at nokon andre stel mobiltelefonen frå deg. Då vil du to motstridande ting, og då følgjer du ikkje fornufta.

Fornufta kan ikkje opptre sjølvmotseiande ifølgje Kant. Når du stel ein mobil, følgjer du derfor ein regel som bryt med fornufta. Å stele noko du har lyst på, kan ikkje gjerast til ei lov eller ein regel som gjeld alle menneske. Det er i strid med det kategoriske imperativet.

Tenk etter: Er det greit å låne pengar av ein ven utan å ville betale dei tilbake?

Les korleis Kant ville svart i tekstboksen under.

Kant om å låne pengar av ein ven utan å ville betale dei tilbake

Sei at du låner pengar av ein ven. Du lyg og seier at du snart skal betale dei tilbake. Viss denne regelen blei gjort til ei allmenn lov, ville det bety at det var greit for alle menneske å lyge for å oppnå ein eigen fordel.


Viss alle følgde denne regelen, ville ikkje menneska tru på kvarandre. Då ville det heller ikkje vere mogleg for deg å låne pengar, fordi ingen ville tru på lovnadene dine.

Denne regelen er derfor sjølvmotseiande. Han bryt med fornufta, og ifølgje Kant er han derfor også i strid med det kategoriske imperativet.

Når du lyg overfor venen din, gjer du i verkelegheita eit unntak for deg sjølv. Du forventar at andre held lovnadene sine, mens du sjølv kan bryte dei. Då følgjer du ikkje lenger fornufta. Du handlar ikkje lenger som eit fritt og fornuftig vesen, men følgjer i staden dine eigne egoistiske kjensler.

Bokside med teksten: Alt de vil at andre skal gjere mot dykk, skal også de gjere mot dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Respekt for menneskeverdet

Ifølgje Kant er det som gjer eit menneske verdifullt noko anna enn det som gjer ting verdifulle. Det som til dømes gjer ein varmeomn verdifull, er at han gir oss varme. Så lenge varmeomnen oppfyller dette målet, er han verdifull for oss.

Eit menneske er derimot verdifullt fordi det er fritt. Vi kan setje oss våre eigne mål ved hjelp av fornufta. Ifølgje Kant har derfor mennesket ein ibuande verdi, vi er mål i oss sjølve. Ein bakar er ikkje først og fremst verdifull fordi han er flink til å bake, men fordi han er eit fritt menneske. Det betyr at du ikkje kan bruke andre menneske på same måten som du bruker ein ting, noko Kant beskriv i humanitetsformuleringa av det kategoriske imperativet. Her kjem ein forenkla versjon:

Humanitetsformuleringa: Du skal aldri bruke andre menneske berre som middel, men alltid behandle dei som eit mål i seg sjølve.

Ifølgje denne formuleringa er det gale å bruke andre menneske som middel eine og aleine for å oppnå dine eigne mål. Eitkvart menneske har ein verdi i seg sjølv. Ein valdtektsforbrytar som berre bruker andre som middel for å tilfredsstille seg sjølv, bryt dermed det kategoriske imperativet.

Du kan likevel bruke ein person som middel så lenge du på same tid respekterer menneskeverdet hans. Det er til dømes greit å bruke ein handverkar til å pusse opp leilegheita di. Viss handverkaren derimot blir grovt underbetalt, kan vi då seie at menneskeverdet hans blir respektert?

Viktige omgrep:

Vil du gå djupare inn i det kategoriske imperativet til Kant? Sjå denne videoen frå NTNU:

Relatert innhald

Litteratur:

Johannesen, K.E & Vetlesen, A.J. (2000) Innføring i etikk. Oslo: Universitetsforlaget.

Kant, I. (1970) Morallov og frihet. Moralfilosofiske skrifter. Oslo: Gyldendal.

Svendsen, L.F.H & Säätelä, S. (2010). Det sanne, det gode og det skjønne. En innføring i filosofi. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Etiske modellar