Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er rettferd?

Rettferd er eit viktig etisk omgrep. Vi har alle ei forståing av kva rettferd er. Alle har opplevd å bli urettferdig behandla, men når vi skal prøve å definere rettferd heilt presist, finn vi mange ulike svar.
Ein tiggar på gata held fram ein pappkopp mot forbipasserande. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rettferd er eit omgrep som kan forståast på mange ulike måtar. Vi kan til dømes bruke omgrepet for å beskrive noko som er rimeleg, noko vi fortener, eller noko vi har rett eller krav på. Har du ein sommarjobb, er det rimeleg at du får same løn som dei andre med sommarjobb. Jobbar du ekstra, fortener du meir løn, og du har rett til å bli behandla bra av sjefen. Viss du derimot svindlar jobben for pengar, fortener du straff.

Vi kan òg bruke rettferd til å beskrive eit karaktertrekk hos ein moralsk person. I fleire religionar og i dydsetikken er rettferd ein viktig personleg eigenskap. Vi kan beskrive eit heilt samfunn som rettferdig eller urettferdig. Mange vil til dømes tenkje på eit samfunn med veldig store økonomiske forskjellar som urettferdig.

Til slutt kan vi òg snakke om global rettferd og rettferd mellom ulike generasjonar. Er det til dømes rettferdig at vi i Vesten forbruker så mange naturressursar og lèt etter oss så store miljø-øydeleggingar?

Ei grøn marsipankake blir delt med tohands kniv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelingsrettferd

Eit tema som har vore mykje diskutert i moderne filosofi, er fordelingsrettferd. Det handlar om fordelinga av gode og byrder i samfunnet. Kor mykje pengar er det til dømes rettferdig at dei rike betaler i skatt, og kor mykje er det rettferdig at staten bruker på å hjelpe dei som er nedst i samfunnet?

Når det skal avgjerast kva som er ei rettferdig fordeling, kan ulike prinsipp takast i bruk. Nokre kjende prinsipp er:

  • Likskap: Alle får ein like stor del.

  • Indivdiuelle behov: Den med størst behov får mest.

  • Individuell innsats: Den som arbeider hardast, får mest.

  • Bidrag til fellesskapen: Den som yter størst bidrag til samfunnet, får mest.

  • Evner og ferdigheiter: Den som presterer best, får mest.

  • Rettar: Rettar bestemmer fordeling.

  • Den frie marknaden. Marknaden avgjer kven som får mest og minst.

Det er stor ueinigheit om kva for nokre av desse prinsippa som er mest rettferdige. Forskjellige prinsipp kan bli brukte på ulike samfunnsområde, og ofte blir dei kombinerte på ulike måtar. I Noreg har til dømes alle rett til gratis grunnskule, men elevar med spesielle behov har rett til ekstra oppfølging. Elevar som presterer bra, har rett til gode karakterar og tilgang til universitet og høgskular.

Filosofiske teoriar om fordelingsrettferd

Ei retning som utilitarismen og tenkjarar som John Rawls og Robert Nozick har prega debatten om fordelingsrettferd i moderne filosofi. Du kan lese meir om dei enkelte teoriane i tekstboksane under.

Utilitarisme

Ifølgje utilitarismen er alle menneske like viktige. Idéen er at goda og byrdene i eit samfunn bør fordelast på ein måte som skaper størst mogleg lykke, nyting og velferd for flest mogleg. Viss det å auke skattane for dei rike og overføre pengane til dei fattige fører til større velferd i samfunnet samla sett, er det rettferdig.

Filosofen Peter Singer: Ein eldre mann med briller, grått hår og grå dressjakke sit og snakkar inn i ein mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utilitarismen fokuserer på konsekvensane av fordelinga. Det er sluttsummen som tel. Den fordelinga som gir mest lykke og velferd for flest mogleg, er mest rettferdig. Men er det alltid tilfelle? Tenk deg at du har to mobiltelefonar. Er det rettferdig å gi den eine til nokon som treng han, sjølv om det samla sett vil føre til at fleire får det betre? Utilitarismen har blitt kritisert for å ofre enkeltindivid og mindretalet sine rettar for at fleirtalet skal få det betre.

John Rawls

Ifølgje den amerikanske filosofen John Rawls er alle menneske frie og likeverdige. Når vi skal fordele grunnleggjande gode som inntekt, yrkesmoglegheiter og politiske og personlege fridommar, må vi derfor sørgje for at alle i samfunnet kan slutte opp om og vere einige i fordelinga. Det betyr at det må skje på ein upartisk måte som ikkje favoriserer enkeltpersonar eller grupper i samfunnet. Men korleis kan vi få til det i praksis? Viss alle skal vere med å bestemme, vil ikkje alle berre favorisere sine eigne interesser? Vil ikkje dei rike meine det er rettferdig at dei beheld inntekta si, mens dei fattige tvert i mot vil meine det er rettferdig at dei deler?

For å komme fram til ei upartisk fordeling foreslår derfor Rawls at vi gjennomfører eit tankeeksperiment. Tenk deg at du ikkje veit nokon ting om kva posisjon du vil bli fødd inn i i samfunnet. Du veit ikkje noko om foreldra dine, kjønn eller hudfarge. Du veit ikkje kva evner eller ferdigheiter du vil få, og du veit ikkje om du tilhøyrer ein religiøs, kulturell eller etnisk minoritet eller majoritet. Kva slags fordeling ville du då velje? Kva rettferdsprinsipp ville du organisere samfunnet etter?

Stilt overfor eit slikt val ville vi, ifølgje Rawls, velje at alle skal ha grunnleggjande politiske fridommar som stemmerett, ytringsfridom, forsamlingsfridom, rørslefridom og religionsfridom. Sidan du ikkje veit noko om interesser, meiningar og livssyn du blir tildelt, vil det vere fornuftig å sikre seg verdiar som fridom, slik at du kan uttrykkje meininga di og få det livet du meiner er best for deg.

I dette tankeeksperimentet risikerer du òg sjølv å ende opp på botnen av samfunnet. Rawls hevdar derfor at du berre vil akseptere dei sosiale og økonomiske forskjellane som er til fordel for dei dårlegast stilte i samfunnet. Det betyr ikkje at alle i samfunnet skal tene det same. Det kan vere fordelaktig for dei dårlegast stilte at somme yrke og stillingar får høgare løn for å tiltrekkje seg kvalifisert arbeidskraft. Desse yrka og stillingane må likevel vere opne for alle, og alle medlemmane av samfunnet må ha dei same moglegheitene til å konkurrere om dei.

Portrettbilete av John Rawls. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rawls sine rettferdsprinsipp

Ifølgje Rawls ville menneske som ikkje veit noko om kvar dei vil ende opp, velje å organisere samfunnet etter desse rettferdsprinsippa:

  1. Alle personar skal ha same rett til det mest omfattande systemet av grunnleggjande fridommar som samsvarar med eit tilsvarande system av fridommar for alle.

  2. Sosiale og økonomiske forskjellar skal berre innførast viss dei

    1. er til størst mogleg fordel for dei dårlegast stilte i samfunnet

    2. er knytte til stillingar og verv som alle kan konkurrere om på rimelege vilkår

Robert Nozick

Den amerikanske filosofen Robert Nozick hevdar at ein teori om rettferdig fordeling må ta utgangspunkt i dei grunnleggjande rettane til menneska. Desse rettane set visse absolutte grenser for kva staten og andre menneske kan gjere med eigedommen din.

Ifølgje Nozick eig alle menneske seg sjølv. Du bestemmer sjølv over din eigen kropp. Du har derfor òg rett til resultatet av ditt eige arbeid. Viss du til dømes lagar eit økseskaft av eit trestykke, er det ditt. Ingen kan ta det frå deg. Men sidan du eig det, har du rett til å byte, selje eller overføre det til andre som du sjølv vil. Du kan selje økseskaftet til ein forhandlar. Då er det forhandlaren som eig økseskaftet og har rett til å selje det vidare. Så lenge fordelinga av eigedom i samfunnet er eit resultat av denne typen frivillige transaksjonar, er den rettferdig.

Portrettbilete av Robert Nozick. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I motsetning til utilitaristene og Rawls meiner Nozick at staten ikkje har rett til å overføre pengar frå rike til fattige i samfunnet, fordi pengane ikkje tilhøyrer dei. Viss dei rike har skaffa seg formuen på lovleg vis gjennom frivillige transaksjonar, har ingen rett til å ta han frå dei mot deira vilje. Å tvinge nokon til å betale skatt er for Nozick ei form for slaveri. Når du må betale ein del av det du sjølv har tent på eige arbeid i skatt, blir du i praksis tvinga til å arbeide gratis for andre, meiner han.

Kjelder

Beauchamp, T.L. (1991). Philosophical ethics. (2. utg.) Mcgraw-Hill

Grønli, K.S. (2010, 28. mai). Rettferdighet i endring. Forskning.no. https://forskning.no/samfunnskunnskap-barn-og-ungdom-marked/rettferdighet-i-endring/846275

Sagdahl, S.M. (2021, 20. mai). Rettferdighet. I Store norske leksikon. https://snl.no/rettferdighet

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2022

Læringsressursar

Etiske modellar