Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Konsekvensetikk – oppgåver

Kva for ansvar har du overfor dyr og menneske som lid i fattige land? Kan det i enkelte situasjonar vere rett å drepe og torturere andre menneske? I desse oppgåvene skal du utforske ulike sider ved konsekvensetikken.

Videoen over er frå ein av Amnesty Internationals kampanjar mot tortur, og han viser såkalla waterboarding. Waterboarding er ei form for sakte kveling der ein bind nokon fast og heller vatn over eit tøystykke som er lagt over nase og munn. USA har fleire gonger brukt tortur i krigen mot terror, og tidlegare president Trump har forsvart torturmetodar som waterboarding. Ifølge Amnesty International er dette eit brot på menneskerettane. Uavhengig av kor gode konsekvensar tortur måtte ha i enkelte tilfelle er det ei grense for korleis andre menneske kan behandlast. Videoen over er frå ein av Amnesty International sine kampanjar mot tortur.

Oppgåve 1: Etiske dilemma

Diskuter dei etiske dilemmaa under. Korleis kan du løyse desse dilemmaa ved hjelp av klassisk utilitarisme? Er du einig eller ueinig i løysinga?

  1. Du arbeider i terrorpolitiet. Ein stad i byen er det plassert ei tikkande bombe. De har arrestert ein mistenkt, men han nektar å seie noko. Fleire av politifolka vil bruke tortur. Kva gjer du?
  2. Du har ein viktig eksamen. Ein ven snur seg mot plassen din. Ho er heilt fortvila og signaliserer etter hjelp. Juksar du og sender henne dei rette svara, eller gjer du det ikkje?
  3. Du er kaptein på eit synkande skip. I ein av lugarane ligg barna dine og søv. Blir du på brua og organiserer redninga av mannskapet og passasjerane, eller reddar du dine eigne barn.
  4. Du er gissel i ein terroraksjon. Ein av terroristane gir deg eit val. Viss du skyt éin av gislane, vil han spare livet til ni andre. Viss du ikkje skyt, vil han sjølv drepe alle ti. Kva gjer du?

Kjenneteikn på klassisk utilitarisme:

  1. Du bør handle slik at det fører til best moglege konsekvensar.
  2. Dei beste konsekvensane er dei som fører til mest mogleg lykke.
  3. Alle menneske si lykke tel like mykje.

Oppgåve 2: Vårt ansvar

Tenk deg at du ein kveld går forbi ein innsjø. Plutseleg oppdagar du eit lite barn som er i ferd med å drukne midt ute i sjøen. Det er ingen andre der. Du kan velje å symje ut og redde guten, men då vil du øydelegge dei nye dyre kleda dine som du nettopp har kjøpt.

  1. Kvifor er det riktig å redde guten i dette tilfellet? Bruk klassisk utilitarisme for å svare på spørsmålet.
  2. Viss du er villig til å ofre kleda dine for å redde barnet som er i ferd med å drukne, kvifor er du ikkje villig til å bruke meir av pengane dine på å redde livet til barn i fattige land?
  3. Tenk deg at du skal styre økonomien til familien din i ein månad. Kor mykje av pengane burde du bruke på å hjelpe fattige menneske i andre land ifølge klassisk utilitarisme ?
Eit fattig barn et mat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3: Lidingane til dyra

Ifølge utilitaristen Peter Singer burde vi handle slik at det fører til minst mogleg liding for flest mogleg. Han hevdar vidare at det ikkje er nokon grunnleggande forskjell mellom lidingane til dyr og menneske, og at vi derfor burde slutte å ete kjøtt.

  1. Er det nokon forskjellar mellom dyra sine og menneska sine lidingar?
  2. Kva ville skjedd viss vi skulle teke like omsyn til dyra sine lidingar som menneska sine?
  3. Diskuter til slutt om det er moralsk riktig å behandle husdyr på ein heilt annan måte enn kjæledyr og menneske?

Fordjupingsstoff

Generelt om dyra sine rettar

Radioklipp hos NRK: Dyrevern og dyrs rettigheter.

Peter Singer

Dei siste to oppgåvene er baserte på Peter Singer som er den mest kjende utilitaristen i dag. Her er ein video der han utdjupar synspunkta sine:

Les meir i denne artikkelen i Store norske leksikon: Peter Singer.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2019

Læringsressursar

Etiske modellar