Hopp til innhald

Fagstoff

Diskursetikk

Korleis kan vi bli einige om kva som er rett og gale? Diskursetikken er ein metode for å komme fram til felles normer som alle kan slutte seg til.
Mann med grått hår og bart held foredrag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det kan ofte vere vanskeleg å bli einige i moralske spørsmål.

Ein måte å komme fram til einigheit om kva som er rett og gale, er diskursetikken. Diskursetikken er ein framgangsmåte for å komme fram til kva for normer som er gyldige og ugyldige i ulike situasjonar.

Diskurs betyr ein drøftande eller diskuterande dialog mellom menneske. I diskursetikken drøftar alle dei som ei norm angår seg fram til felles einigheit. Berre dei normene som alle kan bli einige om å godkjenne, blir rekna som gyldige.

Føresetnader for diskursen

Du har sikkert opplevd korleis det kjennest når du ikkje får seie meininga di eller vere med å påverke viktige avgjerder som angår deg sjølv. I diskursetikken er det viktig at alle dei som dei moralske normene og reglane angår, fritt får vere med å forme dei ut.

Målet med diskursetikken er at alle deltakarane diskuterer seg fram til ei felles overtyding basert på gode grunnar. Derfor må alle som deltek, vere villige til å lytte til kvarandre og la seg overtyde av dei beste argumenta.

Det er også viktig at alle er ærlege og ikkje forsøkjer å skjule nokon relevante innvendingar. Viss du ønskjer å overtyde nokon, og ikkje berre overtale dei, må det du seier vere sant og oppriktig. Viss du lyg, innrømmer du på same tid at overtydinga di ikkje er basert på gode grunnar.

Viktige føresetnader for diskursetikken er derfor at

  • diskursen må vere open og offentleg.
  • alle som normen direkte og indirekte angår, må kunne delta.
  • alle må delta ærleg og oppriktig.
  • alle må få framføre argumenta sine utan tvang.
  • alle må vere villige til å la det beste argumentet vinne.

Gjennomføringa av diskursen

For å få fram alle sider ved ei sak må alle komme til orde. På den måten kan ein undersøkje alle dei ulike positive og negative konsekvensane av ei norm.

I diskursen er det også viktig at alle held seg til sjølve saka og grunngir synspunkta sine på ein sakleg og relevant måte. Det betyr at du ikkje berre kan seie at du meiner noko fordi du føler det sånn. Du kan heller ikkje komme med tenkte og hypotetiske døme. Då mistar ein lett fokus på det konkrete spørsmålet.

Sidan målet med diskursen er å oppnå konsensus (felles einigheit), må du også komme med forslag som alle kan akseptere.

I løpet av diskursen er det derfor viktig å hugse på at

  • alle sider ved normen blir belyste.
  • berre den konkrete saka blir diskutert utan tenkte døme.
  • argumenta og grunngivingane i diskursen er saklege.
  • alle kjem fram til ei felles einigheit til slutt

Herredømmefri dialog

I diskursetikken er det viktig at alle stiller på lik linje og ikkje forsøkjer å tvinge, manipulere eller presse kvarandre til å meine noko bestemt. Diskursen skal vere “herredømmefri”. Det vil seie at diskursen skal vere basert på openheit og likeverd, og at berre det beste argumentet skal vinne fram.

Ein diskurs er derfor ikkje det same som ei forhandling. Når du forhandlar med nokon, vil du ofte tenke strategisk og forsøkje å få gjennomslag for dine eigne interesser mest mogleg effektivt. I ein diskurs skal du ikkje forsøkje å trumfe gjennom viljen din, men samarbeide med andre for å finne fram til ei felles overtyding.

Oversynsbilde på innsida av Stortinget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Praktisk øving

Diskuter kva for normer som skal gjelde i klasserommet og mellom dykk som elevar. Ta utgangspunkt i nokre konkrete utfordringar og finn ut kva normer som skal gjelde i desse situasjonane. Til dømes:

  • Når er det greit å snakke saman under undervisninga?
  • Når er det greit å bruke mobiltelefonen?
  • Når er det greit å forlate timen?
  • Kva er det greit å seie, gjere og spøkje om i klasserommet?

Reflekter til slutt over følgjande spørsmål:

  • Kva var dei største utfordringane med å bli einige?
  • Var alle dei som normene de kom fram til angjekk, både direkte og indirekte, med i diskusjonen?
  • Blei alle sider av saka belyst på ein sakleg måte?

Diskursettikken som ein etisk modell

Diskursetikken beskriv ein viss framgangsmåte (prosedyre) for å komme fram til gyldige og ugyldige normer. Derfor seier vi at diskursetikken er ein “prosedyral” modell. Så lenge du følgjer denne framgangsmåten, eller prosedyren som diskursetikken beskriv, er normene gyldige.

Diskursetikken er er ei vidareføring av Kants pliktetikk. Ved hjelp av fornuften kjem vi fram til moralske normer som vi har ei plikt til å følgje. I motsetnad til Kants pliketikk er diskursetikken likevel basert på at ein diskuterer seg fram til normer i ein verkeleg dialog med andre.

Det er ikkje alltid like lett å oppnå å gjennomføre diskursetikken i praksis. Det kan vere vanskeleg å få til ein open og tvangsfri diskurs utan nokon form for manipulasjon. Det kan også vere vanskeleg å bli einige og oppnå konsensus når det er mange menneske som er involverte. Diskursetikken kan like fullt vere eit viktig ideal når vi diskuterer moralske spørsmål.

Viktige omgrep

Litteratur

  • Bordum, A. (2001). Diskursetikk og den positive selvreference. København: Forlaget Samfundslitteratur
  • Eide, S.B & Skorstad, B. (2005). Etikk - utfordring til ettertanke i sosialt arbeid. Oslo: Gyldendal
  • Johansen, K.J (Red). (1994). Etikk - En innføring. Oslo: Cappelen Filosofi
  • Johansen, K.J & Vetlesen, A.J. (2000). Innføring i etikk. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Thommesen, B. & Wetlesen, J. (2000) Etisk tenkning. En historisk og systematisk innføring. Oslo: Ad Notam Gyldendal
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Etiske modellar