Hopp til innhald

Fagstoff

Konsekvensetikk

Viss du må velje mellom å redde éin person eller fleire – burde du ikkje då forsøkje å redde så mange
som mogleg? I konsekvensetikken er det resultatet av handlingane dine som tel. Den rette
handlinga er den som gir best konsekvensar for flest mogleg.
Ungdommar som snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du har nettopp fått lappen, og fire klassekameratar og den mest populære jenta på skulen spør om du kan køyre dei heim. Du må velje mellom to ulike alternativ: Langs den eine vegen bur dei fire klassekameratane, langs den andre bur den mest populære jenta. Kven burde du velje å køyre heim?

Ifølgje konsekvensetikken bør du velje det alternativet som fører til best konsekvensar. Men kva for handling vil føre til dei beste konsekvensane i dette tilfellet?

Det finst fleire ulike former for konsekvensetikk. Ifølgje etisk egoisme er ei handling riktig viss ho fører til best mogleg resultat for deg sjølv. Viss dei beste konsekvensane for deg er å bli ven med den mest populære eleven på skulen, kan det vere riktig å køyre heim han eller henne.

Dei fleste formene for konsekvensetikk ville derimot vere ueinige i dette. Dei meiner at alle menneske må telje likt. Ei riktig handling er derfor den som fører til best mogleg resultat for flest mogleg. Det vil derfor vere meir riktig å køyre heim dei fire klassekameratane fordi det fører til dei beste konsekvensane samla sett.

Ein flåte med segl og fleire overlevande. Somme ligg døyande på flåten, mens andre vinkar etter hjelp. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klassisk utilitarisme

Den mest kjende forma for konsekvensetikk blir kalla utilitarisme og blei utvikla av den engelske filosofen Jeremy Bentham. Ifølgje Bentham er alle menneske like viktige. Vi har alle det same ønsket om å bli lykkelege og burde derfor gjere det som skaper mest mogleg lykke for flest mogleg.

Bentham hevdar vidare at lykka ganske enkelt er nyting og fråvær av smerte. Viss vi skal finne ut kva for handlingar som er rette og gale, må vi derfor rekne ut kva for handlingar som skaper mest mogleg nyting og minst mogleg smerte for flest mogleg.

Tenk deg til dømes at du skal ha klassefest og lurer på om du kan la vere å invitere ein svært slitsam elev. Bentham ville då seie at du må finne ut kva som fører til mest mogleg nyting og minst mogleg smerte. Høgst sannsynleg ville du komme fram til at smerta hos den eleven som ikkje blir invitert, vil vege tyngre enn det vesle ubehaget enkelte andre elevar måtte kjenne. Det riktige vil derfor vere å invitere alle saman.

Eit problem med Benthams utilitarisme er at han ikkje skil mellom ulike former for nyting. Er til dømes nytinga til ein sadist eller blottar like viktig å ta omsyn til som gleda over å hjelpe andre menneske?

Dette problemet forsøkte utilitaristen John Stuart Mill å løyse ved å skilje mellom høgare og lågare former for nyting og glede. Mill hevdar at det finst nokre gleder som er kvalitativt betre enn andre. Dei gledene som fornufta og dei moralske kjenslene våre gir oss, er betre og veg tyngre enn reint kroppslege nytingar.

Preferanseutilitarisme

Når ein skal bruke utilitarismen i praksis, møter ein på fleire andre utfordringar. For det første kan det vere tungvint og vanskeleg å rekne ut kva som er dei beste konsekvensane i kvart enkelt tilfelle. Korleis skal ein vite kva som gir eit menneske mest mogleg glede? Ei løysing er å la folk avgjere kva som er best for dei sjølve. Ifølgje preferanseutilitarismen burde vi derfor i så stor grad som mogleg forsøkje å oppfylle folk sine eigne ønske.

For det andre kan det vere uklart kven ein skal ta omsyn til når ein reknar ut konsekvensane av ei handling. Burde vi berre ta med konsekvensane for personane som lever her og no, eller burde vi også ta omsyn til konsekvensane for framtidige generasjonar? Det er eit viktig spørsmål når ein til dømes diskuterer forureining og miljøvern.

Eit tredje spørsmål er om vi berre skal ta omsyn til konsekvensane for menneske, eller også ta dyr med i rekneskapet. Peter Singer er ein kjend utilitarist frå vår eiga tid. Han hevdar at dyr kjenner smerte og glede akkurat som eit menneske. Sidan husdyrhald fører til unødvendige lidingar, burde vi derfor slutte å ete kjøtt.

Handlings- og regelutilitarisme

Ein vanleg innvending mot utilitarismen er at han forsvarer umoralske og urettferdige handlingar. Viss ein berre skal ta omsyn til konsekvensane, kan det i enkelte tilfelle vere rett å lyge, stele, torturere og drepe uskyldige menneske.

Tenk deg til dømes at fem pasientar på eit sjukehus treng ein organtransplantasjon for å overleve. I venterommet utanfor sit ein frisk person. Er det riktig av legane å drepe den friske personen og ta organa hans for å redde livet til dei fem pasientane?

For å løyse denne utfordringa skil somme utilitaristar mellom handlings- og regelutilitarisme. I staden for å vurdere enkelthandlingar burde ein vurdere kva for reglar som gir dei beste konsekvensane. Sjølv om det i enkelttilfelle kan føre til gode konsekvensar å drepe uskyldige, kan ein ikkje gjere det til ein regel. Ein slik regel ville nemleg føre til eit langt meir negativt enn positivt resultat.

Viktige omgrep

Repetisjonsøving

Kjelder

  • Johannesen, K.E & Vetlesen, A.J. (2000) Innføring i etikk. Oslo: Universitetsforlaget
  • Singer, P. (2002) Dyrens frigjøring. Oslo: Spartacus
  • Svendsen, L.F.H & Säätelä, S. (2010). Det sanne, det gode og det skjønne. En innføring i filosofi. Oslo: Universitetsforlaget
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2022

Læringsressursar

Etiske modellar