Hopp til innhald
Oppgåve

Når etikken blir utfordra

I denne oppgåva skal du analysere ei problemstilling i lys av dyds-, plikt- og konsekvensetikk.

Enkelte handlingar har i etterkant blitt karakteriserte som brot mot menneskeslekta. I det tredje riket brukte nasjonalsosialistiske vitskapsfolk fangar til å gjennomføre grufulle eksperiment med døden til følgje. For eksempel blei fangar plasserte i iskaldt vatn for å teste kor lenge eit menneske kunne overleve i vatnet før det blei medvitslaust og døydde (såkalla hypotermi). Slike eksperiment er sjølvsagt heilt uaktuelle i dag, men dei gav opphav til etiske spørsmål i ettertid:

  • Kva om eksperimenta resulterte i kunnskap som var verdifull med tanke på å kunne gjenopplive og redde menneske som hadde falle i iskaldt vatn?
  • Kva om denne kunnskapen kunne brukast i ettertid til å forbetre metodar for å redde menneske som hadde vore utsette for iskaldt vatn i samband med ulykker, for eksempel ei båtulykke?

Dette var spørsmål ein blei konfrontert med 10–20 år etter nazistane sine eksperiment.

Oppgåve

  1. Bruk dyds-, plikt- og konsekvensetikk til å analysere denne problemstillinga. Kva ville svaret på spørsmåla ha blitt ut frå desse etiske teoriane?
  2. Søk på Internett for å finne ut om resultata av desse grufulle eksperimenta faktisk blei brukte av vitskapen i ettertid. Kva skjedde?
  3. Diskuter avgjersla som blei teken, i klassen.