Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva har du lært om etisk tenking?

Ta på ny utgangspunkt i tilfellet der du skulle vurdere Trine sin situasjon: om ho skulle fortelje bestevenninna Erna om kva ho hadde sett.
To unge jenter snakker fortrolig sammen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Erna er bestevenninna mi. Vi er som erteris. Vi fortel kvarandre alt og har ingen hemmelegheiter for kvarandre. Det er godt å ha ei venninne som Erna. Ho har tidlegare slite litt med depresjon og angst, men alt dette blei borte etter at ho traff Jonas. Eg trur Erna er veldig forelska i Jonas. Problemet er at eg på laurdag tilfeldigvis såg Jonas sittande på ein benk i parken. Han klinte med ei jente, og det var ikkje Erna! Kva gjer eg no? Eg er redd for at Erna kan bli veldig lei seg og deprimert att viss eg fortel ho kva eg såg. Samtidig kan eg jo heller ikkje halde dette skjult for ho! Kva skal eg gjere?

Helsing Trine

  1. Vurder først dette dilemmaet i lys av nytteetikken, der du tilrår Trine å gjere det du tykkjer har best konsekvensar.
  2. Sjå deretter på situasjonen anten i lys av pliktetikken eller dydsetikken. Kva konklusjonar endar du opp med her?
  3. Vurder om du no har forstått desse ulike etiske teoriane. Er du i stand til å ta i bruk teoriane på konkrete situasjonar?
  4. I kva grad kan ein slik bruk av etiske teoriar hjelpe deg til betre å forstå og beskrive etiske dilemma? Diskuter gjerne dette med ein medelev.
CC BY-SASkrive av Martin Frank.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Etiske modellar