Hopp til innhald

Fagstoff

Videoar og podkastar om islam

Her har vi samla videoar og podkastar som handlar om ulike sider ved islam. Under somme av videoane er det lenkjer til oppgåver og relevante ressursar.

Islams historie

Lær om korleis islam oppstod og utvikla seg.

Artikkel: Islam – opphav og utbreiing

Eg er muslim

I denne videoen møter du tre unge muslimar som fortel om religionen sin.

Ein ballong til Allah

Då den norsk-tyrkiske filmskaparen Nefise var ung, pleidde ho å sende brev med ballong til Allah. Denne dokumentaren er dei vaksne ballongbreva hennar, der målet er å endre kvinner si rolle i islam.

Filmoppgåve: Ein ballong til Allah

Manislam

Manislam klargjer korleis fleire muslimske menn kjempar for likestilling i ein religion der mange meiner kvinna skal vere underlegen mannen.

Skrifta

Juhashinee er hindu og besøkjer Ahmadiyya-muslimen Amandus Amadeus i moskéen for å snakke om dei heilage skriftene.

Oppgåver til videoen: Skrifta

Målet

Kva er målet med livet for ein kristen og ein muslim? Ein ahmadiyya-muslim og ein katolikk snakkar saman om dei store spørsmåla i livet.

Oppgåver til videoen: Målet

Podkast: Islam og kristendom i media

Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten "Helt personlig". Foto.
Heilt personleg

Islam og kristendommen i media

Media speler ei viktig rolle i kvardagen til dei fleste av oss, anten vi les på nett, ser på TV eller får nyheiter som varsel på telefonen. Men korleis er det å høyre om noko som står ein nært, og som...

0:00
-0:00

Podkastoppgåve: Religion i media

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2022

Læringsressursar

Islam