Oppgåve
Målet
Kva er målet med livet for ein kristen og ein muslim? Ein ahmadiyya-muslim og ein katolikk snakkar saman om dei store spørsmåla i livet.
Kva trur du er målet med livet for ein kristen og ein muslim?
- Korleis stemte det Amandus Amadeus og Alessandro sa med det du tenkte? Var det noko som overraska deg eller du syntest var spesielt interessant?
- Kva er målet med livet for Alessandro og Amandus Amadeus?
- Kva for midler har dei for å nå dette målet?
- Kva for likskapar og forskjellar ser du mellom dei to?
- Kva for beskrivingar av himmel og helvete finst i Bibelen og Koranen? Kor stor betydning trur du førestillinga om himmel og helvete har for kristne og muslimar?
- Finn informasjon om dei fem søylene i islam og dei sju sakramenta i katolsk kristendom.
- Kva for likskapar og forskjellar finn du?
- Korleis kan desse religiøse pliktene vere til hjelp for å nå målet og komme til paradis?
- Amandus Amadeus konverterte frå kristendommen til islam.
- Kva for endringar inneber ei slik konvertering i tankesett, praksis og innstilling til livet, trur du?
- Kva trur du kan vere grunnen til at nokon vel å skifte religion?