Hopp til innhald

Fagstoff

Islam – opphav og utbreiing

Islam er den yngste av dei tre abrahamittiske religionane, og er verdas nest største og raskast veksande religion. Islam starta med profetverksemda til profeten Muhammed på den arabiske halvøya på 600-talet.

Muhammed – profet, general, meglar, samfunnsreformator

Muhammed blei fødd i Mekka i 570 og blei tidleg foreldrelaus. Han budde hos ein onkel og arbeidde seg fort opp som ein dyktig handelsmann. Mekka var då eit viktig handelssentrum. Basert på islamsk tradisjon opplevde Muhammed å få eit kall til å bli Guds profet i 610. Han blei ein religionsstiftar og forkynte islam – den nye læra – med fokus på etisk livsførsel og underkasting til den eine ekte guden, Allah.

I Mekka fekk han mange motstandarar, som meinte at den islamske bodskapen øydela for handelen. Derfor måtte Muhammed omsider flykte til nabobyen Medina i 622, 430 kilometer unna. Tidsrekninga til muslimane startar dette året.

I Medina etablerte Muhammed seg som politisk og religiøs leiar og mobiliserte etter kvart troppar for å vinne Mekka tilbake. Islam får eit meir politisk preg i Medina-perioden. I 630 erobra muslimane Mekka på nytt. Då reinsa Muhammed ut alle tradisjonelle gudebilete i byen, og han hadde samla nesten alle stammane på den arabiske halvøya under islam. Muhammed døydde brått i sitt 62. leveår, i 632. Det viktigaste historiske bidraget til Muhammed var å binde saman det fragmenterte arabiske stammesamfunnet under ein heilskapleg og lovbasert ny religion – islam.

Rashidun-kalifatet (632–661)

Etter dødsfallet til Muhammed blei ein av dei nærmaste disiplane hans, Abu Bakr, utnemnt som politisk og religiøs leiar (kalif, «fullmaktshavar») for alle muslimane. Han og dei tre etterfølgjande kalifane, alle nære disiplar av Muhammed, blir rekna av dei fleste muslimar som dei «rettleidde kalifane» (Rashidun), det vil seie ukorrupte og ideelle døme på korleis ein muslimsk herskar burde styre. På denne tida var Medina sentrum i den islamske verda.

Den andre kalifen, Omar, skal ha gått gatelangs med pisk i handa for å straffe dei som braut lova eller behandla andre dårleg. Under han blei Jerusalem erobra og jøder gitt tilgang til byen. Den tredje, Osman, etablerte ei standardutgåve av Koranen og bidrog til betydeleg økonomisk utvikling. Den fjerde, Ali, fetteren og svigersonen til Muhammed, blei karakterisert som Guds løve, og stod bak antikorrupsjonskampanjar.

Menn med sverd på hester stormar mot ei borg. Historisk illustrasjon med kalligrafi.

Trass statusen til dei fire første kalifane som rettferdige, var det berre Abu Bakr som døydde av alderdom. Dei tre andre blei alle drept i politiske maktkampar, som kulminerte i drapet på Ali i 661. Deretter nytta umajjade-slekta sjansen til å ta politisk makt.

Umajjade-kalifatet (661–750)

Det var under umajjade-slekta at utbreiinga av islam gjekk raskast. Islam spreidde seg raskt i Midtausten, over Nord-Afrika, og vestover heilt til det som er Sør-Frankrike i dag. Sentrum for kalifatet flytta seg frå Medina til Damaskus i Syria, under umajjadane.

Umajjadane var dei første kalifane som ikkje hadde direkte forbinding med Muhammed. Dei innførte også dynastiordning, det vil seie at kalifatet gjekk i arv frå far til son. Det er på denne tida at splittinga mellom sunni og sjia blir synleg, kor sjiaene var dei som aldri aksepterte autoriteten til umajjadane-kalifane.

Abbaside-kalifatet (750–1258)

Det umajjadiske kalifatet blei fortrengt av Det abbasidiske kalifatet. Det strekte seg frå det som i dag er Tunisia i vest, til elva Indus i aust, til den austlege delen av dagens Tyrkia i nord og til dagens Tsjetsjenia i nordaust. Sentrumet for kalifatet blei flytta frå Damaskus til Bagdad.

Menn med muslimske hodeplagg studerer i eit stort rom fylt med bøker. Illustrasjon.

Abbaside-tida blir ofte kalla gullalderen i islam, fordi store framsteg blei gjort innan medisin, optikk, astronomi, alkymi (forløparen til kjemien), robotikk, matematikk og islamsk rettsvitskap i denne perioden, på rekninga til staten. Nedskrivinga av hadith-litteraturen, utforminga av dei islamske lovskulane, sufi-brorskap og filosofiske skular blir utvikla i denne perioden. Dei første offentlege sjukehusa dukkar også opp.

Det osmanske riket (1299–1924)

Seinare blei riket styrt av osmanane. Stordomstida til osmanane begynte med at Mehmet 2. erobra Konstantinopel (det som i dag er Istanbul i Tyrkia) i 1453. Frå år 1517 kalla leiaren for riket seg kalif – den øvste leiaren i den muslimske verda. Slik blei det muslimske senteret flytta frå Medina, Damaskus og Bagdad til Istanbul. Det osmanske riket forvitra langsamt gjennom heile 1800-talet, inntil den siste kalifen blei tvungen i landflyktigheit i 1924.

Den blå moskeen i Istanbul i skumringa. Utsikt utover Bosporus-sundet. Foto.

Muslimar i verda og i Noreg

Allereie på 800-talet kom islam til det som i dag er Nord-India, med arabarane. I dag har vi muslimsk befolkning også i Sri Lanka, det vestlege Kina, Malaysia og det sørlege Thailand. Kjerneområdet for islam er i Midtausten og Nord-Afrika.

I verda i dag (2019) er det omtrent 1,8 milliardar muslimar, eller om lag 23 % av den totale befolkninga i verda. Verdas mest folkerike muslimske stat er Indonesia. Her er 87 % av befolkninga muslimar, som utgjer om lag 230 millionar menneske.[1]

I Noreg fekk vi ei større tilflytting av muslimar frå 1970-åra og utover. Til å begynne med kom dei fleste frå Pakistan. No kjem fleire også frå Tyrkia, Syria, Iran, Irak og Somalia. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) er det 5,3 millionar innbyggjarar i Noreg i 2018. Av dei er 157 000 registrerte som muslimar, i ei rekkje trussamfunn.

CC BY-SASkrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Islam