Oppgave
Skrifta
Juhashinee er hindu og besøkjer Ahmadiyya-muslimen Amandus Amadeus i moskeen for å snakke om dei heilage skriftene.
- Kvifor er Koranen viktig for muslimar?
- Kjenner du til nokon heilage tekstar som er viktige for hinduar?
- Kva er dei største forskjellane og likskapane mellom skrifttradisjonen til dei to religionane? Stemte det med det du tenkte før du såg videoen?
- Ser du nokon forskjellar og likskapar når det gjeld korleis Yuhashinee og Amandus Amadeus stiller seg til dei heilage skriftene?
- Amandus Amadeus held Koranen i hendene – i staden for å leggje han på golvet. Kvifor trur du det er så viktig for muslimar å behandle Koranen med respekt?
- Undersøk: Kva for reglar er knytte til behandling og oppbevaring av Koranen?
- Undersøk: Amandus Amadeus seier at han tilhøyrer Ahmadiyya-trussamfunnet. Ahmadiyya reknar seg som ei retning innan islam, men har ein teksttradisjon knytt til ein eigen profet. Finn ut kva som gjer Ahmadiyya særeigen samanlikna med sunni- og shiaislam.
- Undersøk: Kva handlar Bhagavadgita om, og kva er hovudbodskapen i forteljinga?