Hopp til innhald

Fagstoff

Islam – etikk

Islam er ein religion som vektlegg fellesskap og lydnad overfor Gud og bodskapen hans slik det er formidla gjennom Koranen. Koranen inneheld ei rekkje påbod og forbod, og desse blei utgangspunktet for ein lang og rik etisk lovtradisjon som er unik for islam.
Ei hand følgjer linjene i Koranen medan nokon les. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Islam er ein lovreligion. Det betyr at ei rekkje fastsette lover eller reglar for oppførsel avgjer kva som er rett og gale. I islam er desse lovene blitt til basert på Koranens ord, Muhammads døme, og islamske juristar sine tolkingar av dei to førstnemnde. For å forstå islamsk etikk må ein derfor sjå nærare på desse tre kjeldene.

Koranens etiske bodskap

Koranens bodskap handlar om forholdet mellom menneskja og Gud. Ifølgje Koranen skal alle haldast ansvarlege for handlingane sine overfor Gud på dommedagen. Mennesket er skapt som Guds representantar på jorda, og mennesket er i utgangspunktet ikkje vondt. Men fordi menneske er svake og lettlurte, treng vi rettleiing frå Gud.

Denne rettleiinga tek form i konkrete og ofte strenge reglar for oppførsel i Koranen. Desse reglane er knytte saman med den religiøse trua til ein muslim. Fleire stader i Koranen finst det ikkje eit skilje mellom religiøse forpliktingar og moralske forordningar. Både tru og handling utfyller kvarandre i islam. Eitt eksempel på dette er at ordet for gudstru og fromheit i Koranen, (ar. birr) også kan bety rettferd. To sitat frå sure 2 og 16 er illustrerande:

Fromheita (eller "rettferda", al-birr) består ikkje i at de vender andleta (i bøn) mot aust eller vest. Sann fromheit (birr) er: Å tru på Gud og på Dommens dag, på englane, Skrifta og profetane, og gi bort av det ein har, om det enn er kjært, til slektningar, faderlause og fattige, vegfarande og tiggarar, og til frikjøping av slavar, å forette bøna, å greie ut om det rituelle bidraget, å overhalde inngåtte avtalar, å vere tolmodig i ulykke og naud, og i trengselens tid. Desse gjer trua sann. Desse er dei sanne gudfryktige. (Koranen, 2:177)

Gud påbyr rettferd og godheit (ihsân: det som er godt og vakkert) og gjevmildskap mot familie. Han forbyr det skjendige og forkastelege, og valdsferd. Han formaner dykk, så de må vise ettertanke. (Koranen, 16:90)

Liknande oppfordringar blir ofte gjentekne i Koranen. Menneska får gong på gong påminningar om å tenkje på etterlivet og æva framfor det korte jordlivet. Sosialetikk er også viktig, å hjelpe nesten din og fellesskapet. Etiske verdiar som blir fremja er dermed rettferd og velferdsfordeling, nestekjærleik og ettertanke, vennlegheit og forsoning, underkasting og lydnad overfor Gud.

Muhammads døme

Koranen inneheld rundt 500 vers av juridisk karakter, som omhandlar etiske påbod og forbod, av ein total på over 6000 vers. Med andre ord er det mange etiske problemstillingar som ikkje blir tekne opp direkte i Koranen. Her kjem hadith -og sira-litteraturen inn. Hadither er forteljingar om kva Muhammad sa og gjorde, mens sira er biografiar om Muhammad. Desse blir brukte som primærkjelder om Muhammads liv, og som rettleiing til inspirasjon for livsførselen til muslimar.

I Koranen står det at Muhammads oppførsel er vakker. Det står også at han, som Guds sendebod, skal respekterast ned til minste detalj. Derfor blir oppførselen hans og vala hans i kvar ei anledning i livet brukt som eit førebilete for korleis muslimar burde leve. Dette gjeld alt frå korleis ein ber og fastar, vaskar seg, steller skjegget, krigar, taler, til korleis ein behandlar vener, fiendar og familie, forvaltar makt, osv. – kort sagt dei fleste sider ved livet.

Her kan du sjå ein video med norske muslimar som fortel om forholdet sitt til profeten Muhammed:

Video på YouTube om profeten Muhammad

Ifølgje islamsk tradisjon skal Muhammad ha vore ein ekstraordinær person som var rettferdig, ærleg, modig, disiplinert, vennleg mot alle, og tolerant. Til dømes blei han kritisert både av fiendane sine og av dei næraste disiplane for å behandle hustruene sine for bra, fordi han lot dei tale han imot. Denne forma for toleranse blei sett på som hårreisande på denne tida. Vidare blir han av muslimar sett på som det perfekte mennesket, som klarte å utfylle dei mange ulike rollene i livet sitt i perfekt harmoni – anten det var rolla som ektemann, far, ven, profet og Guds sendebod, krigar, dommar, lovgivar eller samfunnsreformator.

Sjølv om islamsk etikk hittil gir inntrykk av å vere eksklusivt pliktbasert, er det viktig å streke under at rett intensjon også blir vektlagd minst like mykje av mange muslimar. Dette stammar frå hadith-utsegn som det følgjande: «Gjerningane er avhengige av intensjonane, og kvar ein person skal få tilbake i samsvar med det han intenderte.» (Bukhari 1:1, sml. Muslim 1:203-204).

Sharia og lovskulane

Etiske spørsmål som ikkje blei dekka direkte verken i Koranen eller hadith-litteraturen, gjorde det nødvendig å utarbeide eit felles islamsk lovsystem. Derfor fekk islam ein lang og rik lovtradisjon som dekkjer alle sider ved livet.

Guds evige lov, sharia, er omgrepet som blir brukt om det altomfattande islamske lovsystemet. Det har oppstått fleire lovskular innan islam som tolkar sharia ulikt via islamsk rettsvitskap, fiqh. Dvs. at det finst ikkje eitt samla regelverk, men snarare fleire regelverk som svarar ulikt på etiske spørsmål. Av denne grunnen har dei rettslærde (ulama) som tolkar sharia fått stor autoritet innan islam.

Islamsk etikk er altså basert på å følgje Koranens reglar, Muhammads døme og bestemmingane til dei rettslærde om konkrete etiske spørsmål.

Viktige omgrep:

  • lovreligion
  • fromheit/rettferd (arabisk: birr)
  • sharia

  • analogiprinsippet

  • konsensus

  • fatwa

  • haram/halal
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Islam