Hopp til innhald

Fagstoff

Islam – åndelegheit og oppleving

Ei oppleving av nærleik til Gud er noko dei fleste muslimar kan få gjennom bøn, faste og pilegrimsreise. I islamsk mystikk, sufisme, er personleg kontakt med Gud det aller viktigaste.
Ei gruppe menn med høge hattar og vide skjørt snurrar rundt i ein dans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sufismen – den islamske mystikken

Sufismen er ei mystisk retning av islam som framhevar å finne guddommeleg kjærleik og kunnskap gjennom direkte personleg erfaring med Gud. Det som skil ein sufi frå andre muslimar, er vektlegginga deira av den reine gudskjærleiken og gudserfaringen framfor faste ritual og sharia. Ein sufi kan sjåast som ein åndeleg ekspert, ein som spesialiserer seg på åndelege teknikkar og trening for å nærme seg Gud. Sufismen er dermed ei inderleggjering og intensivering av tru og rituelt liv i islam.

Historisk dukka sufismen opp i dagens Irak på 700- og 800-talet, som ei slags anti-materialistisk protestrørsle. Frå og med 1100-talet oppstår det fleire sufi-ordenar (tariqah), eller brorskap, som blir viktige institusjonar for ivaretakinga og populariseringa av sufismen. Spreiinga av islam til Sentral-Asia og Indonesia blei hovudsakeleg utført av sufi-ordenar, og gradvis blei sufismen ein akseptert del av både sunni- og shiaislam. I dag finst det mange titals sufiordenar og millionar av sufiar fordelte på alle kontinent.

Sufismens særpreg

Nokre av særprega til sufismen inkluderer: fokus på livsmeistring via trening i åndeleg disiplin og åndelege ideal, eit tolerant syn på mennesket og andre religionar, ei større anerkjenning av kvinner si stilling i islam og ei symbolsk ikkje-bokstaveleg tolking av Koranen.

Sufismens åndelege disiplin

Sufiane meiner at livet kan meistrast ved hjelp av sjølvdisiplin og å framdyrke åndelege ideal, slik som fattigdom og anti-materialisme, truskap og kjærleik til Gud, og sjølvkontroll og sjenerøsitet. For å realisere desse ideala er faste ekstra viktig. Faste betyr ikkje berre fråhald frå mat og drikke, men også å avstå frå ei rekkje materielle nytingar, slik som vanlege klede og iblant også seksuell aktivitet, visse sosiale aktivitetar, osv. På avansert nivå inneber faste også å avstå frå og «svelte ut» skadelege haldningar og reaksjonsmønster, slik som hat, fordømming av andre, intoleranse og egoisme.

To menn sit på golvet. Dei er tynne og uflidde. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gudserfaring står også sentralt. Vegen dit går gjennom sjølvkunnskap, sjenerøs livsstil og praktisering av åndelege øvingar. Dei vanlegaste åndelege sufi-øvingane, i tillegg til fasting, er bøn, resitasjon av Guds namn eller koranpassasjar eller korte setningar, meditasjon, draumereiser og ekstatisk dans, avhengig av kva for orden ein tilhøyrer. For å lære desse øvingane korrekt blir det rekna for nødvendig å ha ein kvalifisert læremeister, ein shaykh. Alle sufi-brorskap blir leia av ein slik læremeister.

Dhikr (i minne av Gud) er det viktigaste ritualet som alle sufi-brorskap har felles, sjølv om det finst like mange variantar av dhikr som det finst sufi-brorskap. Dhikr er blant sufiane sine fremste meditative øvingar og kan utførast både i fellesskap og aleine.

Poenget med sufisme er å etterleve den muslimske truvedkjenninga til det ytste og anerkjenne Guds absolutte eining (tawhid) som vi finn i truvedkjenninga: ”Det finst ingen Gud utanom Allah”, som ofte blir tolka som at det ikkje finst noko anna enn Gud.

Det endelege målet blir kalla fana, som betyr ”øydelegging i Gud”. Oppnår sufien dette, skal vedkommande bli totalt fri, leve fullstendig etter Guds vilje og sjå verkelegheita slik ho eigentleg er.

Sufismens toleranse

Sufiar vektlegg at alle menneske er like mykje verdt uansett bakgrunn, religion og kjønn. Dei grunngir dette menneskesynet med gudssynet sitt, nemleg at alt kjem frå og består i Gud. Gjennom gudserfaring kan menneske sjølv oppleve dette, noko som fører til gudskjærleik og kjærleik til alt som lever. Derfor er kjærleiken i alle former det viktigaste idealet i sufismen.

Kvinne ligg i graset og ber. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvinner fekk også ei større betyding i sufismen enn i andre islamske skular. Nokre kjende sufi-kvinner som Rabia og Fatima frå Cordoba underviste menn og var høgt respekterte.

Sufismens syn på Koranen

Sufiane tolkar Koranen i ei meir symbolsk retning enn ortodokse muslimar. Dei framhevar at Koranen kan svare på alle moglege spørsmål, men at ulike fortolkingar viser til ulike nivå av innsikt hos dei som fortolkar.

Til dømes er ordet kufr, som vanlegvis blir omsett med vantru eller ateisme, blitt tolka som aspekt ved mennesket sitt indre som må øydeleggjast for at ein muslim skal nå innsikt, ekte tru og gudserfaring. Ordet kan også bety utakksemd. Dermed får koranpassasjar, som til dømes sure 9:5, det såkalla sverdverset, ei heilt ny betyding: ”Drep avgudsdyrkarane der de finn dei, - arrester dei, beleir dei, legg bakhald for dei overalt!”

Bokstaveleg kan denne setningen frå Koranen tolkast som oppfordring til å drepe avgudsdyrkarane (kufar) – det vil seie alle ikkje-muslimar. Slik blir han også tolka av valdelege jihadistar, til dømes IS-medlemmar. Frå sufiane sin symbolske tolking av teksten derimot, kan det bety at ein skal drepe dei indre avgudsdyrkarane sine, til dømes utakksemd, stoltheit, lyst og egoisme.

Sufiane held også ved lag den stadig meir populære fortolkinga av den store jihad (strev), som ifølgje nokre hadithar skal ha blitt omtalt av profeten Muhammed som ein indre krig, ein kamp mot sine eigne lågare instinkt (nafs). Ytre krig, forsvar av religionen mot ytre angrep, blei omtalt som den vesle jihad. Det er i stor grad takka vere sufiane at denne distinksjonen vedrørande omgrepet jihad blei ein del av allmenn islamsk tenking.

Viktige omgrep

  • sufisme
  • tariqah
  • faste
  • dervisj
  • gudserfaring
  • gudskjærleik
  • sverdverset
  • store/vesle jihad

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2019

Læringsressursar

Islam