Hopp til innhald

Fagstoff

Islam – ritual

Islam blir hovudsakleg praktisert i fellesskap, umma. Koranen peiker på fem berebjelkar, eller søyler, i kvardagen til ein muslim. Praktiseringa av dei er avgjerande for om ein muslim når det endelege målet, det vil seie paradis, på dommedag.

Det er ein eldgammal tradisjon i islam at ein utropar, ein muezzin, framfører bønerop frå minareten. Utropet er ei spesiell musikalsk kunstform, slik du kan høyre på dette videoopptaket. Teksten som blir framført i videoen, er:

Gud er størst! Gud er størst!
Eg vitnar at det finst ingen gud utanom Gud.
Eg vitnar at Muhammad er Guds sendebod.
Kom til bøn!
Kom til frelse!
Gud er størst!
Det finst ingen gud utanom Gud.

(Kvar linje skal seiast to gonger.)

Truvedkjenninga – shahada

Den islamske truvedkjenninga, shahada, lyder: "Det finst ingen annan Gud enn Allah, og Muhammed er hans profet." Den som uttaler shahada, er ein muslim og har dermed forplikta seg til å etterleve dei religiøse påboda. Den første delen av truvedkjenninga er erkjenninga av den eine guden, Allah. Den andre delen peiker på den siste og største av ei rekkje profetar, nemleg Muhammed. Koranen nemner 24 profetar før han, mens hadith reknar med 124 000 profetar frå skapinga.

Den rituelle bøna – salah

Ifølgje hadith-tradisjonen har døgnet fem forpliktande bønetider. Forpliktinga gjeld for alle som har fylt 15 år. Dei som er gravide, sjuke eller på reise, slepp. Føremålet med bøna er å lovprise Gud, følgje den rette vegen, og å oppleve eit fellesskap med alle muslimar. Den første bønestunda er før soloppgang. Deretter kjem bøna tidleg om ettermiddagen, seint om ettermiddagen, ved solnedgang og seinare om kvelden. Tidspunkta blir i muslimske land gjort kjende frå minareten, eit tårnliknande tilbygg til gudshuset, moskeen.

Før ein kan be, må ein vaske hendene, ansiktet og føtene. Finst det ikkje vatn i nærleiken, går det også bra å bruke fin sand. Har ein hatt samleie, må ein vaske heile kroppen. Kvinner som har menstruasjon, må ikkje besøkje moskeen, men vente til menstruasjonen er over, for deretter å vaske heile kroppen. Det er fordi kvinnene blir sett på som ureine mens dei har menstruasjonen. Dei som ikkje kan gå til ein moské, må utføre bøna på ei lita matte. Under bøna er det viktig at kroppen er vend mot byen Mekka i Saudi-Arabia. I moskeen sit mennene for seg, mens kvinnene sit ved inngangen eller i ein eigen seksjon.

Velferdsbidraget – zakat

Med zakat meinast det å gi almisser (gåver) til medmenneske og å gjere gode gjerningar. Zakat kan vere både varer og pengar, og summen er vanlegvis 2,5 % av samla formue. Zakat blir sett på som eit lån til Allah, eit lån som långivaren vil få mangedobbelt tilbake av Allah i himmelen.

I Koranen blir zakat nemnd fleire gongar, i betydinga å dele velferda si med dei som treng ho mest – foreldrelause, heimlause, fattige og så vidare. Zakat er også viktig med tanke på bygging av moskear, eller som bidrag til å betale løna til imamane. Zakat finansierer dermed religiøse institusjonar og sosiale sikkerheitsnett.

Eit dokument med arabisk skrift og stempel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I vanlege muslimske familiar er det faren i huset som bestemmer kven som skal få zakat og kor mykje dei skal gi. Ofte er mottakarane slektningar og vener. Men også imamen i den lokale moskeen kan oppfordre til å gi zakat til bestemte føremål. Det er ikkje uvanleg at zakat overstig 2,5 prosent av inntekta til ein normal familie. Går du med underskot eit år, treng du ikkje betale zakat.

Rekne ut kva familien din burde ha betalt ved hjelp av Zakat-kalkulatoren frå Islamic Relief.

Fasta under Ramadan – sawm

Fasta, sawm, er lagt til den niande månaden etter den islamske kalenderen. Denne månaden blir kalla ramadan. Det finst også friviljug faste, som kan praktiserast når som helst elles. Koranen gir faste reglar for praktiseringa av sawm. Frå soloppgang til solnedgang skal ein ikkje ete mat eller drikke og heller ikkje ta medisin, røykje tobakk eller ta andre stoff. Dette gjeld alle vaksne muslimar over 14 år, både menn og kvinner.

Muslimane meiner at Muhammed fekk overlevert dei første delane av Koranen denne månaden. Føremålet med fasta er å minnast dette, og å rette merksemda mot korleis ein er som muslim, og korleis ein kan forbetre sin eigen religiøse praksis. Ved å faste opplever ein også ei reinsing, slik at det blir lettare å følgje dei påboda og reglane som islam pålegg menneska.

Fasta skal gjennomførast i ein tilstand av rituell reinleik. Derfor kan ikkje menstruerande eller gravide kvinner faste. Ein fastedag som blir brote, må ein ta att etter ramadan, og då dobbelt opp. Barn, sjuke og gamle menneske er fritekne frå sawm. Viss ein muslim må gjennomføre ei krevjande reise, får han eller ho ete. Men då må vedkommande sørgje for å ta att dei tapte fastedagane. Frå sola går ned og til neste soloppgang er det tid for fellesskap og fest, god mat og drikke. Fasta blir avslutta med ein fest som varer i tre dagar, id al-fitr, eller berre id.

Gammal fargelagd miniatyrteikning som viser ei gruppe menn på hesteryggen som bles i basunar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pilegrimsferda til Mekka – hajj

Den femte søyla i islam er pilegrimsferda til Mekka, hajj. Ho skal skje i den tolvte månaden av det islamske året. Føremålet med ferda til Mekka er først og fremst å tilbe Gud. Dernest er det viktig å oppleve ein global muslimsk fellesskap (umma).

Høgdepunktet i hajj er den tiande dagen i denne månaden, kalla id al-adha. Då blir det slakta og ete ein sau eller ei geit i alle muslimske heimar verda over, til minne om offeret til Ibrahims (Abraham). For muslimar er det viktig at Ibrahim var viljug til å følgje bodet til Gud og ofre den eldste sonen sin, Ismail. Slik blir sjølve poenget med islam legitimert, underkasting under vilja til Gud.

Fagomgrep

  • umma
  • shahada
  • shala
  • minaret
  • moské
  • zakat
  • sawm
  • ramadan
  • id-al fitr
  • hajj
  • id-al-adha
CC BY-SASkrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Islam