Hopp til innhald

Fagstoff

Ahmadiyya

Ahmadiyya er ei islamsk messiansk reformrørsle som oppstod på 1800-talet i India, basert på læra og livet til den religiøse leiaren Mirza Ghulam Ahmad.
Fasade på kvitt murbygg. Arabisk skrift over døra. På veggen står det skrive: "Kjærleik til alle, ikkje hat mot nokon". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ahmadi-muslimane ser på seg sjølv som sanne muslimar, men blir ikkje anerkjende av sunni- eller sjiaislam som ei legitim islamsk rørsle. På grunn av dette får ikkje ahmadi-muslimar tilgang til Mekka og Medina, og dei får ikkje utført pilegrimsreisa. For å forstå all denne motstanden må vi sjå nærare på starten og særtrekka ved ahmadiyyarørsla.

Opphav og utbreiing

Den religiøse leiaren Mirza Ghulam Ahmad (1835–1908) stifta ahmadiyya i 1889. Han ønskte å reformere islam og vektla mellom anna toleranse, fred og dialog. Han såg på seg sjølv som ein mujaddid, som betyr ein fornyar av islam som dukkar opp kvart hundreår. I starten hadde Ahmad mykje respekt blant muslimske lærde.

Portrett av mann med skjegg og turban. Svart/kvitt-foto.

Då han påstod å ha fått personlege openberringar, blei han skylda for å bryte eit av dei mest fundamentale dogma i islam – nemleg at Muhammed var den siste profeten. I tillegg erklærte han seg sjølv som al-Mahdi, den lova messias-skikkelsen som skulle komme i dei siste dagane, ifølge islamsk tradisjon.

Hovudsete for ahmadiyya var opphavleg i fødestaden til grunnleggaren i landsbyen Qadian i dagens India. Etter delinga av Pakistan og India i 1947 blei hovudsetet flytta til Pakistan. I 1974 erklærte styresmaktene i Pakistan at ahmadi-tilhengarar ikkje fekk lov å kalle seg muslimar eller bygge moskéar. Derfor flytta ahmadiyya etter kvart hovudkvarter til Storbritannia. Ahmads oldebarn, kalif Mirza Masroor Ahmad, leier i dag ahmadiyyarørsla derifrå. Den offisielle tittelen hans er Den femte kalifen til Den utlova Messias.

I Pakistan, Algerie, Bangladesh og Indonesia føregår det forfølging av ahmadi-muslimar. I nokre tilfelle, til dømes i Pakistan, finst det islamistgrupper som ope oppmodar til drap på ahmadi-muslimar. Utvandringa av pakistanske ahmadi-muslimar til Noreg har vore høg på grunn av forfølgingane i heimlandet.

Ahmadiyya er svært aktive med internasjonal misjonering, både mellom muslimar og ikkje-muslimar. Dei driv radiokanalen Radio Ahmadiyya, som kringkastar på urdu i helgane. Dei etablerte i 1992 den første globale islamske tv-kanalen, Muslim Television Ahmadiyya International (MTA), som i dag òg er lett tilgjengeleg via sosiale medium.

I dag finst ahmadiyya utbreidd i over 200 land og har mellom 11–20 millionar tilhengarar globalt.

Særtrekk

Ahmadiyya er ganske lik tradisjonell sunni-islam på dei fleste punkta. Men det er to punkt som skil seg ut: dogmet om Ahmad som al-Mahdi og synet på Jesus.

Al-Mahdi

Då Mirza Ghulam Ahmad erklærte seg sjølv som Messias og al-Mahdi, meinte han at dette ikkje bryt med islamsk lære og tradisjon, men snarare oppfyller tradisjonen. Han understreka at han ikkje er likestilt med profeten Muhammed, og at bodskapen hans ikkje er ny, men snarare ei oppklaring av opphavleg islam. Muhammed blir derfor framleis rekna som den siste lovgivande profeten i Ahmadiyya, men ikkje som den siste profeten.

Ahmad brukte dette koranverset som bevis for at han oppfyller profetiane til islam:

Og da Jesus, Marias sønn, sa: "Å Israels barn, jeg er visselig Allahs sendebud til dere, som bekrefter og oppfyller det som er før meg, av profetiene i Toraen, og bringer gledelig budskap om et sendebud som skal komme etter meg, hvis navn skal være Ahmad."

Koranen, 61:6

Jesus

Det alternative synet på Jesus skil seg òg frå vanleg islamsk forståing og baserer seg på Ahmads openberringar om Jesus. Ahmadiyya lærer at Jesus overlevde korsfestinga og drog seinare til Kashmir i India. Der døydde han ein naturleg død og ligg gravlagd. Den historiske Jesus kjem ikkje tilbake som Messias ved dommedag, slik tradisjonell islam lærer. I ahmadiyya er Messias eigenleg ein metafor for ein kommande reformator av islam. Mirza Ahmad såg på seg sjølv som denne Messias.

Eininga til alle religionar

Ahmad meinte at den opphavlege læra til tidlegare religiøse leiarar, fører til sann islam. Dette gjaldt ikkje berre Moses og Jesus, men òg Krishna, Buddha og Guru Nanak. Ifølge Ahmadiyya var Ahmad svaret på alle messiasforventningane i dei ulike religionane. Slike tankar om eininga til alle religionar var utbreidd i siste halvdel av 1800-talet.

Jihad

Jihad betyr "å streve etter å leve slik Gud vil", men blir i media ofte brukt i betydninga "heilag krig". Synet på jihad er sentralt i Ahmadiyya, sjølv om liknande syn òg finst i andre former for islam. Ahmadiyya vektlegg at "jihad ved sverdet", det vil seie valdsbruk i islams namn, ikkje er gjeldande i vår tid. Derimot er "jihad ved pennen" viktig, altså ikkje-valdeleg opplysningsarbeid med fokus på utdanning. Ahmadi-muslimar blir oppmoda til å delta i offentlege debattar og bruke religionen til å gjere samfunnet betre.

Eit knekt sverd med ein fjørpenn oppå er utstilt på eit bord. Framme står det skrive "Jihad med penn". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ahmadiyya i Noreg

Ahmadiyya Muslimsk Trossamfunn blei stifta i 1957 som den første muslimske forsamlinga i Noreg. Ifølge ahmadiyyas eigne tal bur det i dag cirka 1700 ahmadi-muslimar i Noreg, og dei har 4 imamar utplasserte i Oslo, Trondheim, Stavanger og Kristiansand. Dei fleste har pakistansk bakgrunn, sjølv om det òg finst nokre få konvertittar.

Noregs første moské var Nor Moske på Frogner i Oslo, som blei brukt som moské frå 1980–2011. Sidan 2011 har den nye ahmadiyya-moskéen ved Furuset i Oslo blitt brukt. Baitun Nasr Moské, også kjent som Furuset moské, er Nordens største moské, med plass til opptil 4000 personar.

Stor, kvit bygning med kuppel midt på taket og eit høgt, smalt tårn på venstre side. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I arbeidet sitt for fred og toleranse har Ahmadiyya Muslimsk Trossamfunn sidan 1980-talet årleg arrangert Religionenes Dag. Dette er eit ope tverreligiøst arrangement der representantar frå ulike religionar og livssyn samlast for å diskutere eit bestemt tema. Døme på tema frå tidlegare er: "Kvinna si stilling i islam", "År 2000 og Messias – frelsesskikkelsar" og "Religionen min sin plass i det norske samfunnet". Kvart år arrangerer det norske trussamfunnet òg ein fredskonferanse i moskéen, der målet er å fremme fred i samfunnet ved å skape forståing, toleranse og harmoni.

Vidare utforsking

Viss du vil utforske ahmadiyya frå eit innanfråperspektiv, er det mykje nyttig informasjon på Ahmadiyya Muslimsk Trossamfunn sine eigne nettsider.

ahmadiyya.no

Trussamfunnet presenterer òg seg sjølv i ei samling videoar på Uenighetens fellesskap.

Ahmadiyya: Uenighetens fellesskap

Den årlege fredskonferansen til Ahmadiyya Muslimsk Trossamfunn har òg si eiga nettside:

fredskonferansen.no

Reportasje frå Ahmadiyyas årlege nyttårs-opprydning:

Vårt Oslo: Ahmadiyya-muslimer ryddet tomflasker, søppel og raketter flere steder i byen. - Ment som en hyggeleg gest frå vår side.

Kjelder
  • Eidhamar, L. (2005).(2005). Jødedommen og islam. Høgskoleforlaget.

  • Valentine, S.. (2008).(2008). Islam and the Ahmadiyya Jama'at. History, Belief, Practice. Columbia University Press New York.

  • Vogt, K. & Chaudry, Z. (2021, 14. desember). ahmadiyya. I Store norske leksikon.

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2022

Læringsressursar

Islam