Hopp til innhald
Oppgåve

Mangfald i islam

I kunsten sin tek kunstnaren Ahmed Umar mellom anna utgangspunkt i to ting det er ueinigheit om innan islam: bønnekjeder og amulettar. Sjå videoen og jobb med oppgåvene.
Video: Ahmed Umar / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåve 1. Frå filmen

  1. Kva for to muslimske retningar har Umar vakse opp mellom?

  2. Kvifor har han kalla utstillinga "Glowing Phalanges: Prayer beads"?

  3. Kva seier wahhabismen om å søkje vern i objekt (amulettar), ifølgje Umar?

  4. Kvar hentar Umar materialet sitt frå?

Oppgåve 2. Utforsk

  1. Finn ut meir om wahhabisme og forholdet rørsla har til shia, sunni og sufisme. Hugs å vere kritisk til kjeldene du bruker.

  2. Korleis stiller dei ulike retningane seg til bruk av amulettar og bønnekjeder?

  3. Kan du finne andre forskjellar mellom retningane? (Stikkord: leiing, opphav, feiring av høgtider, ritual, kledningar, heilage stader)

Oppgåve 3. Reflekter

  1. Kva kan vere bakgrunnen for at retningane i islam har utvikla ulike syn på det du har utforska?

  2. Er det noko som er felles for alle retningane?

  3. Kva overføringsverdi til andre religionar og livssyn kan kunnskap om mangfald i islam ha?

  4. Gjennom materialvalet sitt utforskar og kommenterer Umar synet mange nordmenn har på Afrika og afrikanarar. Korleis?

  5. Vi menneske kategoriserer ting og personar. Kva kan utfordringane vere med å bruke for store eller for små kategoriar?

Ekstra:

Du kan lære meir om Ahmed Umar i møte med venn og mentor Lotte Konow Lund i serien Kunstnerliv på NRK .

Relatert innhald

Fagstoff
Politisk islam

Kva er islamisme og politisk islam? Denne artikkelen gir ei historisk oversikt og ryddar i omgrepa.