Filmoppgåve: En ballong til Allah
Fordel oppgåvene under mellom dykk før de ser filmen En ballong til Allah og noter undervegs:
Noter ned det Gamal Al-Banna seier om kjønn i islam.
Noter ned det salafist-sheiken Mahmoud Mekki seier om menn og kvinner islam.
Noter ned kva Nawad el Saadawi seier om kjønn i islam.
Noter ned kva Asma Barlas seier om kjønn i islam.
Gå gjennom notata dine og lag ei god oversikt. Det kan òg vere lurt å finne litt meir informasjon om personane som snakkar og meiningane deira i andre kjelder.
Presenter det de har funne for dei andre i klassen.
Kva kan årsakene vere til at det er så ulike syn på kjønn i same religion?
Trur de dette vil gjelde i andre religionar òg?
Synest de filmskaparen framstiller synet på kjønn og kjønnsroller på ein nøytral måte? Grunngi svara dykkar.
Gamal Al-Banna er broren til Hassan Al-Banna, mannen som starta det muslimske brorskapet, og som blir rekna som opphavet til mange av dei konservative muslimske rørslene i dag.
Finn ut litt meir om tankane til dei to brørne.
Kva kan årsaka vere til at to brør har så ulike syn på religion som desse to?
Diskuter kva det kan gjere med ein familie når familiemedlemmane er så djupt ueinige om korleis ein religion skal praktiserast.
På NDLA film finn du òg Lorentzens to andre filmar om kjønn, Gender Me og Manislam. Dei handlar om høvesvis homofili og synet på det å vere mann. Desse kan òg brukast til ein diskusjon om kjønn i klassen.
Kvifor har det utvikla seg så mange ulike syn på kjønn og seksualitet i religionane?
I kor stor grad meiner de at desse syna kan leve side om side?