Hopp til innhald

Fagstoff

Islamistisk ekstremisme

Islamistisk terror og ekstremisme har vore veldig synleg i mediebiletet dei siste tiåra. Kva kjenneteiknar islamistisk ekstremisme, og kva er målet til desse ekstremistane?
Ein bil og to tildekka IS-soldatar med våpen i Mosul. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Islamistisk ekstremisme

Islamisme, også kalla politisk islam, er ein politisk ideologi som karakteriserer moderne rørsler som vektlegg at islam burde få større politisk innverknad over samfunnet og staten.

Islamistar ønsker at samfunnet skal styrast i tråd med ei bestemt politisk tolking av islam. Desse ønsker at islam skal vere både religion og eit politisk system med eit islamsk lovverk, sharia, som tek utgangspunkt i Koranen.

Islamisme er ein brei kategori som omfattar alt frå valdelege, radikale og antivestlege terrorgrupper som IS (Den islamske staten) og al-Qaida til fredelege og moderate forkjemparar for demokrati med islamske prinsipp, som islamske politiske parti.

Felles for islamistar uansett type er målet om eit islamsk styresett basert på eller sterkt påverka av sharia – islamsk lov. For mange islamistar inneber dette i praksis at straffelovene i samfunnet blir mykje strengare. Eit anna fellestrekk er skepsis til eller rein opposisjon mot både og . Islamisme handlar dermed om ei samfunnsreform og ønsket om å «reinse» samfunnet frå uislamsk innverknad.

Islamistar som er villige til å bruke vald for å oppnå eit islamistisk samfunn, blir kalla for islamistiske ekstremistar eller valdelege islamistar. Dei aller fleste muslimar tek avstand frå slike ekstremistiske grupper og meiner at dei misbruker og feiltolkar islam. Det er også i hovudsak muslimar i Midtausten og Nord-Afrika som har vore offer for terror utført av desse gruppene, sjølv om terrorangrep i Europa og USA har vore meir synleg i media.

Brooklyn Bridge i forgrunnen og dei to tvillingtårna World Trade Center brennande i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Terror og ekstremisme

Blant dei mest kjende islamistgruppene som driv med terror og valdeleg ekstremisme, er al-Qaida, Den islamske staten (IS) og Boko Haram. Desse gruppene har ideologiske fellestrekk, og retninga dei representerer, blir ofte kalla for jihadisme. Dette blir forstått i denne samanhengen som heilag krig gjennom bruk av vald og terror.

Al-Qaida er eit internasjonalt terrornettverk, som blei grunnlagt av Osama bin Laden i 1988. Gruppa er kjend for å ha erklært global krig mot USA og for å ha gjennomført ei rekke terrorangrep mot amerikanske mål. Det mest kjende er angrepet mot USA 11. september 2001 då terroristar kapra fire fly. To fly styrta i World Trade Center i New York, og eitt fly styrta i hovudkvarteret til det amerikanske forsvaret, Pentagon. Det siste flyet var kanskje på veg mot den amerikanske kongressbygninga, men styra på eit jorde. Nesten 3000 menneske døydde.

Den islamske staten (IS) er ein ekstrem jihadistisk organisasjon som kontrollerte store delar av Syria og Irak. Den islamske staten blei i hovudsak nedkjempa i 2018 av vestlege og lokale krefter, men det finst avleggarar av organisasjonen i fleire land, som framleis er aktive. Organisasjonen er kjend for å vere ekstremt brutal, og han står bak ei rekke terroraksjonar.

Boko Haram er ei islamistisk militantgruppe i Nigeria. Namnet kan laust omsetjast til "vestleg utdanning er synd". Gruppa er ekstremt valdeleg og har gjennomført mange terroraksjonar. Målet er å etablere eit islamistisk kalifat etter mønster frå Den islamske staten (IS), som gruppa erklærte lojaliteten sin til i 2015.

Ein logo med ei oppslått bok, to våpen i kryss og eit svart flagg med arabisk skrift. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

I kva grad er islamistisk ekstremisme ein trussel i Noreg?

Kjelder

Cordesman, A. (2017, 17. oktober). Islam and the Patterns in Terrorism and Violent Extremism. CSIS. https://www.csis.org/analysis/islam-and-patterns-terrorism-and-violent-extremism

FN-sambandet. (2022, 3. januar). Ekstremisme og terrorisme. https://www.fn.no/tema/konflikt-og-fred/ekstremisme-og-terrorisme

Houland, C. (2021, 1. februar). Boko Haram. I Store norske leksikon. https://snl.no/Boko_Haram

Plattform. (u.å.). Hva er ekstrem islamisme? https://www.plattform.no/islamisme/hva-er-islamisme/

Stenersen, A. (2022, 27. januar). Al-Qaida. I Store norske leksikon. https://snl.no/al-Qaida

Vikør, K. S. & Aarseth, M. B. (2022, 17. februar). Den islamske staten. I Store norske leksikon. https://snl.no/Den_islamske_staten_(IS)

Vogt, K. (2020, 22. desember). Islamisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/islamisme

Relatert innhald

Valdeleg ekstremisme varierer i ideologi og valdsmetodar. I denne oppgåva skal du utforske likskapar og forskjellar mellom ulike former for ekstremisme.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik og Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Politikk og historiske endringsprosessar