Hopp til innhald

Fagstoff

Politisk islam

Politisk islam er svært synleg i dagens mediebilete, særleg i samband med terroraksjonar. Sidan 1970-åra har politisk islam blitt ein stadig viktigare maktfaktor i den muslimske verda.
Mann med skjegg og turban helsar til folkemengde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Islam har ein meir altomfattande karakter enn mange andre religionar. Dette er fordi islam er ein lovreligion som tilbyr reglar og rettleiing for det aller meste. Byrjinga til Islam på Muhammeds tid som både ei religiøs og politisk rørsle speglar også dette. Religion etter islamsk forståing handlar ikkje berre om tru, etikk og etterlivet, men også om praktisk politikk, familielivet, personleg hygiene og livet her på jorda.

For å forstå denne utviklinga, og dei reint politiske retningane innan islam, må vi sjå nærare på islamisme, Muslimbrørne, Iran, Saudi-Arabia og wahhabisme.

Islamisme

Islamisme, også kalla politisk islam, er ein politisk ideologi som karakteriserer moderne rørsler som vektlegg at islam burde få større politisk innverknad over samfunnet og staten. Sidan den islamske revolusjonen i Iran i 1979 har islamisme spela ei stor rolle i heile den muslimske verda.

Islamisme er ein brei kategori som omfattar alt frå valdelege, radikale og antivestlege terrorgrupper som IS (Den islamske staten) og al-Qaida til fredelege og moderate forkjemparar for demokrati med islamske prinsipp, som islamske politiske parti. Felles for islamistar uansett type er målet om eit islamsk styresett basert på eller sterkt påverka av sharia – islamsk lov. For mange islamistar inneber dette i praksis at straffelovene i samfunnet blir betydeleg strengare. Eit anna fellestrekk er skepsis eller rein opposisjon mot både liberalisme og kommunisme. Islamisme handlar dermed om samfunnsreform og ønsket om å «reinse» samfunnet frå korrupsjon og uislamsk innverknad.

Muslimbrørne

Det muslimske brorskap, også kalla Muslimbrørne, blei stifta i 1928 av Hasan al-Banna i Egypt. Organisasjonen blir rekna som den første moderne islamistiske organisasjonen, og han påverka mange andre. Islamistar som al-Banna meinte at samfunnet var i forfall på grunn av for dårleg moral blant Egypts muslimar, og fordi utanlandske krefter utnytta landet politisk og økonomisk. På 1900-talet var store delar av den muslimske verda anten styrt av vestlege kolonimakter eller av korrupte politikarar, noko som førte til store sosiale problem og økonomisk urettferd for lokalbefolkninga.

Portrett av mann med skjegg og fess. Foto.

Målet til Muslimbrørne var å reformere samfunnet basert på sunni-islamske verdiar frå Koranen og tradisjonen etter profeten Muhammed. Løysinga på alle samfunnsproblem låg ifølgje islamistane i éin enkel prosess – islamiseringa av samfunnet.

Muslimbrørne blei ei masserørsle, i stor grad på grunn av det sosiale arbeidet med å bygge skular og sjukehus. I dag tek organisasjonen offisielt avstand frå vald, men viktige tidlegare medlemmar, deriblant al-Banna, streka under behovet for å kjempe med vald mot kolonistar og andre fiendar av islam. Muslimbrørne blei, på grunn av popularitet blant folket og oppfordringar til vald, forboden og undertrykt av egyptiske myndigheiter, som frykta dei som politiske motstandarar. Al-Banna blei sjølv avretta, og i dag blir organisasjonen definert som ein terrororganisasjon av blant anna Russland, Egypt og Saudi-Arabia.

Iran og sjia-radikalisme

Avrettinga av al-Banna og andre populære islamistar av autoritære myndigheiter førte til ei radikalisering av mange islamistiske organisasjonar. Samtidig, frå 1970-talet til notida, blei hatet blant mange radikale islamistar mot vestlege «korsfararar» (kristne) og sionistar (Israel og jødar) sterkare. Dette fordi USA støtta brutale og upopulære diktatorar i Iran og fleire arabiske statar, mens Israel erobra stadig meir territorium i det historiske Palestina og delvis Libanon. Reaksjonane på dette blei den islamske revolusjonen i Iran i 1979, og opprettinga av den militære motstandsrørsla Hizbollah i Libanon i 1982.

Revolusjonen i Iran førte til ei islamisering av samfunnet, statsapparatet og lovverket, og innføringa av ein islamsk republikk med det sjiamuslimske presteskapet som den øvste og viktigaste leiaren i landet. Iran er det einaste landet som har blitt islamisert på denne måten i moderne tid.

Saudi-Arabia og wahhabismen

Wahhabismen er ei streng, puritansk reformrørsle i sunni-islam som oppstod på 1700-talet i det som i dag er Saudi-Arabia. Ein fanatisk rettslærd, Muhammed al-Wahhab, grunnla denne intolerante versjonen av islam som vektlegg Guds eining, ei bokstavtru lesing av Koranen, og at lovene i samfunnet skal vere baserte på Koranen. Al-Wahhab meinte at alle muslimar som ikkje deler synet hans på islam, er kjettarar, og at det er tillate å drepe slike falske muslimar eller andre ikkje-muslimar.

Rørsla har fått stor innverknad i vår tid, sjølv om ho utgjer ein svært liten del, under 0,5 prosent, av verdas muslimar. Innverknaden skuldast betydeleg økonomisk støtte frå den oljerike Saud-familien, og fordi nokre av dei mest radikale islamistgruppene, dei såkalla jihadistane, som vektlegg sjølvmordsbombing og terror, også er wahhabittar.

To skyskraparar står i brann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Osama bin Laden, mannen bak terrornettverket al-Qaida som stod bak terrorangrepa på USA 11. september 2001, var saudiarabar, i tillegg til 15 av dei 19 flykaprarane 11.september. Den islamske staten (IS) som erklærte eit nytt kalifat i 2014 i Syria og Irak, og som tapte militært i 2017, er også wahhabittar. Den brutale framferda deira og behandlinga av kvinner, ikkje-muslimar og meiningsmotstandarar blir legitimert av intoleransen til wahhabismen .

Wahhabismen sin innverknad sidan 1970-talet har vore så formidabel, at ein kan snakke om ei wahhabisering av islam. Dette er ei lita rørsle som ikkje er representativ for muslimar flest, men som har fått stor definisjonsmakt gjennom enorm mediemerksemd og pengestøtte frå rike saudiarabarar.

Viktige omgrep

  • islamisme / politisk islam
  • Det muslimske brorskapet / Muslimbrørne
  • wahhabisme
  • sharia – islamsk lov
  • islamisering av samfunnet
  • den islamske revolusjonen i Iran i 1979
  • Hizbollah
  • jihadistar
  • al-Qaida
  • Den islamske staten (IS)
  • wahhabiseringa av islam

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2019

Læringsressursar

Politikk og historiske endringsprosessar