Hopp til innhald

Fagstoff

Religion og politikk i Noreg: Historiske døme

Noregs formelle haldning til religion har endra seg mykje sidan 1814. Her skal vi sjå nærare på desse endringane. Vi skal òg sjå på nokre døme på samspelet mellom politikk, religion og livssyn gjennom historia.
*Riksforsamlingen på Eidsvoll 1814*. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Staten sitt forhold til religion

Sidan Noreg fekk si eiga grunnlov i 1814, har staten sitt forhold til religion endra seg mykje. Her skal vi sjå på nokre av dei viktigaste endringane, og korleis staten tek omsyn til religion og livssyn i dag.

Religion i Grunnlova

I 1814 lydde § 2 i Grunnlova, den såkalla "Jødeparagrafen":

Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende seg til den, ere forpligtede til at opdrage sine Børn i samme. Jesuitter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.

I dette avsnittet etablerte altså eidsvollsmennene luthersk kristendom som staten sin religion. I tillegg sørgde dei for at nokre grupper blei nekta tilgang til landet.

Fleire kjempa jødane si sak i tida etter 1814. Den som i dag er mest kjend, er nok diktaren Henrik Wergeland. Jødar fekk tilgang til Noreg i 1851, munkeordenar blei tillatne i 1897 og jesuittar først i 1956.

Tverrfagleg tips

Les Henrik Wergelands diktsamlingar Jøden og Jødinden.

Nasjonalbiblioteket: Jøden

Nasjonalbiblioteket: Jødinden

I 2012 gjekk Noreg vekk frå statskyrkjeordninga vi hadde hatt sidan 1814. § 2 heiter i dag: "Verdigrunnlaget forblir vår kristne og humanistiske arv. Denne grunnlov skal sikre demokratiet, rettsstaten og menneskerettighetene."

Under kan du bla deg gjennom endringane i § 2 frå 1814 til i dag.

Tenk gjennom

Kor stor påverknad trur du desse endringane i Grunnlova har hatt for det samfunnet vi har i dag?

Det livssynsopne samfunnet

I 2013 kom "Det livssynsåpne samfunnet" som skulle bidra til å forme religions- og livssynspolitikken i Noreg etter den siste grunnlovsendringa. Utvalet som skreiv han, var utpeikte for å gi råd til politikarane om korleis dei burde ta omsyn til religion i åra etter.

Prinsippa frå "Det livssynsåpne samfunnet"

Les gjennom og diskuter kva de synest om dei ulike punkta

1. Trus- og livssynsfridommen blir verna for alle.

2. Trus- og livssynspraksisen til den enkelte må ikkje krenke rettane og fridommane til andre.

3. Ikkje-diskriminering: Staten må ikkje utsetje nokon for usakleg eller uforholdsmessig forskjellsbehandling på grunn av trus- eller livssynspraksisen deira.

4. Det blir lagt aktivt til rette for alle borgarar sin trus- og livssynspraksis.

5. Likebehandling: Staten bør ønske at alle borgarar får – i prinsipp og i rimeleg praksis – same grad av støtte til trus- og livssynsutøvinga si.

6. Den aktive trus- og livssynspolitikken til staten må i utforminga bli vurdert opp mot sentrale fellesverdiar: demokrati, rettsstat, menneskerettar, ikkje-diskriminering og likestilling.

7. Organisert trus- og livssynsutøving som får statleg støtte, må forventast å vise vilje til openheit og vise annan trus- og livssynsutøving den same respekten som ein sjølv forventar og nyt godt av.

8. Alle bør akseptere å bli eksponerte for trus- og livssynspraksisen til andre i det offentlege rommet.

Religionspolitiske historiedøme

Det er mange døme på at religion og politikk påverkar kvarandre i norsk historie. Her har vi samla eit lite utval av døme:

Religiøs undertrykking

I Noreg ser vi at religion var ein sentral del av koloniseringa av Sápmi og fornorskingsprosessen mot samane. Mange overgrep blei gjorde mot samane i Noreg i samband med dette. Samane skulle gjerast til "gode kristne", og deira tradisjonelle former for religiøs praksis blei derfor forbodne. Dette leidde til hekseprosessar på 1600-talet, der mange blei drepne, og gjorde at samar mista moglegheita til å følge religionen sin på same måten som forfedrane. På byrjinga av 1700-talet starta ei organisert kristen misjonering i Sápmi, og i løpet av 1700-talet forsvann den samiske religionen meir og meir og blei erstatta av kristendommen. I tillegg til at samane mista religionen sin, har vi som samfunn mista mykje kunnskap om viktige delar av den religiøse historia vår, sjølv om delar av ho er bevart.

Les meir om fornorsking og samisk religion i artiklane om "Religion og livssyn" på Samiske veivisere.

Samisk tromme i monter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag er religions- og livssynsfridom ein sentral del av menneskerettane og blir rekna av dei fleste som sjølvsagt i Noreg. Samtidig ser vi at nokre religiøse grupper som ønsker å etablere gudshus, har møtt motstand frå naboar. Det finst religiøse menneske som snakkar lite om den religiøse tilhøyrselen sin etter å ha opplevd ubehagelege konsekvensar av å vere open. Vi har altså enno ikkje oppnådd eit heilt livssynsope samfunn.

Religion i skulen

Då skule for alle, såkalla allmugeskule, blei etablert i Noreg på 1700-talet, var det på mange måtar ei førebuing til konfirmasjonen. Utover på 1900-talet blei kristendommen eit eige fag i grunnskulen. Frå 1974 kunne foreldre ta barna ut av kristendomsundervisninga, og desse fekk alternativ undervisning.

KRL-faget kom i 1997, og det skulle vere eit felles fag for alle elevar. Men Noreg blei i 2007 dømt i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg for faget slik det då verka. Human-etisk Forbund har vore ei tydeleg stemme mot K-en – altså kristendommen – sin plass i faget. Faget heitte etter det lenge RLE, religion, livssyn og etikk, men blei frå 2013 til KRLE. Framleis skal kristendommen vere halve faget i grunnskulen.

Utviklinga av skulefaget viser på mange måtar utviklinga det norske samfunnet har gått gjennom frå eit samfunn der kristendommen dominerte, til det mangfaldige og meir sekulariserte samfunnet vi lever i i dag.

Tenk gjennom

Kvifor trur du religionsfaget har vore så omstridd i grunnskulen, men i mykje mindre grad i vidaregåande skule?

Når rettar står mot kvarandre

Sjølv om vi er opptekne av menneskerettar i dette landet, er det ikkje alltid lett å vege ulike rettar opp mot kvarandre.

Ei av dei sakene som har vore diskuterte dei siste åra, er rituell omskjering av nyfødde gutar. For jødar blir omskjering rekna som ei plikt som blir utført når gutane er åtte dagar gamle. Eitt av lovforslaga som har vore oppe, er at alle må vente til dei er 18 år. Det ville i praksis ført til eit forbod mot ritualet slik det har vore praktisert. Somme går så langt som å seie at det blir som å gjeninnføre jødeparagrafen i ei anna form. Her står gutar sin rett til å ikkje få utført irreversible inngrep utan samtykke opp mot religionsfridommen.

I USA er det vanleg å omskjere gutar fordi det blir rekna som reinslegare. Det er òg vanleg blant muslimske menn å vere omskoren, men det er ikkje eit påbod i islam. I Noreg er all omskjering av kvinner forbode.

I 2015 blei det vedteke ei lov om rituell omskjering i Noreg som seier at omskjering skal utførast av lege, eller under oppsyn av ein lege, som er ansvarleg for inngrepet.

Relatert innhald

Omskjering kan handle om både religion, kultur, politikk, etikk og kjønn. Gjennom denne oppgåva kan du lære meir om emnet.

I denne podkasten møter vi to dialogpilotar som snakkar om korleis dei opplever at dei respektive religionane deira blir framstilte i media.

Kjelder

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Politikk og historiske endringsprosessar