Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Krigen i Ukraina

Russlands angrep på Ukraina er kanskje den mest alvorlege konflikten i Europa etter den andre verdskrigen. Den ortodokse kyrkja i Ukraina og Russland står òg i ein konflikt. Undersøk meir om Den ortodokse kyrkja, og utforsk om religion kan spele ei rolle i krigen mellom Russland og Ukraina.
Mann med religiøst hovudplagg og stort skjegg lener seg mot og snakkar med Russlands president Vladimir Putin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Den ortodokse kyrkja

Undersøk korleis Den ortodokse kyrkja er organisert. Bruk gjerne artikkelen frå Store norske leksikon som kjelde.

Store norske leksikon: Den ortodokse kirke

Sjå spesielt på

  • forholdet mellom dei ulike kyrkjene

  • leiarskap

  • korleis avgjerder blir tekne

Oppgåve 2: Religion og konflikt i Russland og Ukraina

Les artikkelen frå religioner.no og svar på spørsmåla under.

Religioner.no: Bak Ukraina-invasjonen lurer en kirkekonflikt

  1. Forklar kva usemja mellom den russiske og den ukrainske kyrkja går ut på, og kva rolle patriarkane Kirill og Bartolomeus speler i konflikten.

  2. Kva konsekvensar har denne konflikten hatt for fellesskapet i Den ortodokse kyrkja etter 2019?

  3. Beskriv forholdet mellom Putin og Den russisk-ortodokse kyrkja.

  4. Reflekter over korleis denne artikkelen kan hjelpe deg til å forstå meir av konflikten mellom Russland og Ukraina.

  5. Finn døme i nyheitene på at ortodokse patriarkar har uttalt seg om krigen i Ukraina. Kva seier dei?

  6. På kva måtar trur du religiøse leiarar kan påverke politiske prosessar? Gi gjerne døme.

  7. På kva måtar trur du politiske leiarar kan bruke religion for å oppnå måla sine? Gi gjerne døme.

Oppgåve 3: Vidare utforsking

  1. Vebjørn Horsfjord samanliknar i artikkelen sin Vladimir av Kyiv med Olav den Hellige. Undersøk og samanlikn kva rolle desse to personane har hatt i høvesvis russisk, ukrainsk og norsk historie.

  2. Den russisk-ortodokse kyrkja hadde dårlege kår under det kommunistiske styret i Sovjetunionen. Undersøk kva rolle kyrkja hadde i Sovjetunionen, og korleis denne rolla endra seg i Russland etter at kommunismen fall i 1991.

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden, Eivind Sehested Zakariassen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Politikk og historiske endringsprosessar