Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hail Satan?

Filmen Hail Satan? kan brukast på mange måtar. Med utgangpunkt i filmen kan vi diskutere religionsdefinisjonar, religion, politikk, menneskerettar og mykje anna.

Refleksjonsspørsmål

  1. Presenterer filmen gruppa "The Satanic Temple" (TST) frå eit innanfrå- eller eit utanfråperspektiv?

  2. På kva måtar er TST uttrykk for politikk?

  3. Korleis kjem TST sin religionskritikk til uttrykk? Gi konkrete døme.

  4. Kva argument finst for og imot å kalle TST ein religion?

  5. TST seier dei ønskjer å utfordre autoritetar. Kva autoritetar snakkar dei om?

  6. TST ønskjer å få på plass ein statue av Baphomet utanfor rettsbygningar for at religionar skal vere likt representerte. Kva tenkjer de om argumentasjonen? Finst det òg argument for å berre ha dei ti boda utanfor rettsbygningane i USA?

  7. TST har laga sin eigen etter-skulen-klubb eller "SFO med satan-tema" etter modell av kristne grupper. Kva tenkjer de om det?

    De kan lese meir om "After School Satan" på The Satanic Temple.

  8. Kvifor kler TST seg ut som babyar for å protestere mot abortmotstandarar? Kva tenkjer de om den måten å protestere på?

Temaoppgåver

Under finn de lengre oppgåver som er knytte til filmen. Den første er ei samanlikningsoppgåve de kan fordele i klassen og oppsummere i plenum.

Dei andre oppgåvene er om tema filmen tek opp direkte eller indirekte. Vel éi felles oppgåve for heile klassen, vel etter interessene dykkar eller jobb i grupper for å dekkje fleire av temaa filmen tek opp.

Samanlikning med andre religionar

Vel eit emne og sjå korleis The Satanic Temple fungerer samanlikna med andre religionar. Her er det lurt å samanfatte i plenum.

Mytar

Sjå på korleis syndefallsmyten om Adam, Eva, slangen og eplet blir brukt i ulike tradisjonar. Blir kunnskap sett på som farleg eller frigjerande i religiøse tradisjonar du kjenner? Korleis har ulike miljø eller grupperingar i kristendommen og islam teke omsyn til vitskaplege emne som evolusjon? Samanlikn med TST.

Bud/reglar

Samanlikn dei sju boda til TST med bod/levereglar i minst to andre religionar. Leit etter både likskapar og forskjellar.

Splittingar

Vi ser i filmen at medlemmar av TST ber om å få starte eigne interne grupper. På kva måte blir dette ei utfordring når organisasjonen veks? Ei gruppe blir utvist når dei trekkjer ritual litt langt. Korleis stemmer dette med korleis dei tidlegare har sett på autoritetar? Tenkjer de at den typen brot kan samanliknast med brot i andre religionar? I tilfelle – korleis?

Estetiske uttrykk

I filmen er statuen av Baphomet sentral. Kva rolle har statuar i andre religiøse tradisjonar?

Religion, media og politikk

I filmen ser vi døme på at religiøse grupperingar på ulike måtar har innverknad på politikk som blir ført.

  1. Kan de finne saker i norsk eller utanlandsk media som viser det same?

  2. Kva argument er det for og imot å skilje religion og stat? Sjå på land med ulike løysingar.

  3. Kan de finne døme frå Noregs historie der religionar og livssyn har hatt innverknad på politikk?

  4. Om KRLE-faget:

"Tullereligionar" og religiøse rettar
  1. Gå inn på nettsidene og samanlikn The Satanic Temple (TST) med The Church of the Flying Spaghetti Monster (pastafarianismen). Kva er likt, og kva er ulikt? Tenkjer de at denne typen organisasjonar er ei sakleg og god form for religionskritikk? Grunngi svaret.

  2. Begge retningane er anerkjende som religionar i fleire land, men begge byrja som politiske protestrørsler. Meiner du at dei bør kallast religionar? Du kan ta utgangpunkt i ulike religionsdefinisjonar for å ta ei avgjerd. I artikkelen om religionsdefinisjonar finn du ei fin oversikt. Viss svaret er ja, når tenkjer du at dei to retningane går over til å vere religionar?

  3. Pastafarianismen har søkt om å bli registrert som religion i Noreg, men fått avslag. Finn ut kva kriterium som skal til for å bli anerkjent som religion i Noreg. Kva tenkjer du om denne praksisen?

  4. I FNs verdserklæring om menneskerettar finst det eigne rettar som gir eit spesielt vern for religionar og tilhengjarane deira. Somme argumenterer for at desse rettane allereie blir dekte av dei generelle menneskerettane.

  • Sjå gjennom FNs menneskerettar og finn argument for og mot behovet for eigne religiøse rettar.

  • Diskuter korleis TST og pastafarianismen kan jobbe både for og mot rettane til religiøse minoritetar.

Satanismepanikken

Filmen tek opp det vi kan kalle "satanismepanikken" på 80- og 90-talet. Då skapte media ei frykt for ei skjult satanistisk rørsle som mellom anna dreiv med ofring av spedbarn gjennom satanistiske ritual. Rørsla blei sagt å jobbe mot samfunnsordenen. Det er aldri funne nokon dokumentasjon på at denne rørsla fanst. Som det blir sagt i filmen, blei fleire uskyldig tiltalte og dømde, og konsekvensane for desse kunne vere store. Media var ei drivkraft i panikken. Dette er eit døme på det vi kan kalle ein "moralsk panikk", der det blir skapt ei frykt som seinare viser seg å vere ugrunna. Denne typen panikk blir ofte blanda med konspirasjonsteoriar.

Utforsk

  1. Er det andre religionar eller religiøse grupperingar som gjennom historia har hatt liknande skyldingar mot seg? Kva konsekvensar har dette fått?

  2. I filmen blir det referert til at populærkulturelle uttrykk som Dungeons & Dragons og Smurfane var midlar satanistene brukte for å påverke barn og unge.

    I denne litt rare videoen kan de sjå fleire døme:

  1. I seinare tid har enkelte kristne miljø tilrådd medlemmar å halde seg unna til dømes skrekkfilmar, Harry Potter, Game of Thrones og Pokemon. Kan du finne argumenta deira for det?

  2. I Noreg var det ei rekkje kyrkjebrannar knytte til black metal-miljø på 90-talet. Bruk av nazistiske, satanistiske og norrøne symbol gjekk igjen. Finn informasjon om desse miljøa. Korleis kan vi skilje den typen satanisme vi ser i The Satanic Temple frå typen vi såg i dei små miljøa den gongen?

  3. I filmen seier ein representant for TST at gjerningane han blei skylda for frå kristne miljø då han spelte Dungeons and Dragons, kunne sidestillast med det den katolske kyrkja sjølv dreiv med. Han meiner derfor at kritikken mot dei var ein projeksjon, altså at dei ser sine eigne utfordringar i andre. Her viser han til dei mange overgrepssakene den katolske kyrkja har dekt over gjennom mange år. Kva tenkjer du om denne kritikken?

  4. Diskuter om media burde opptredd annleis i desse sakene.

  5. Tenk gjennom om du trur media hadde framstilt dette på same måte i dag. Kvifor? Kvifor ikkje?

Satanisme som religion

The Church of Satan er ikkje aleine om å definere seg som satanistar. Sjå kva du kan finne om historia til satanismen på nett. Som vanleg er kjeldekritikk viktig når de går i djupna på eit tema.

Nokre stikkord å starte med kan vere: Church of Satan, Temple of Seth, Anton La Vey, Aleister Crowley.

Her er oversiktsartikkel om historia til satanismen på History (American TV network), som kan brukast som tillegg.

  1. Lag ei liste over hovudtrekk ved satanismen som religion.

  2. Satan finn vi referert til i Bibelen. Korleis blir han framstilt der? Søk gjerne på Satan og/eller Djevelen på nettbibelen på Bibelselskapet for å finne døme. Samanlikn det kristne synet på satanismen med det vi finn hos TST.

  3. Undersøk: Kva er ei "svart messe"?

  4. Diskuter kven som bør definere kva ein religion er med bakgrunn i punkta over. Bruk innanfrå- og utanfråperspektiv. Kvifor kan det vere vanskeleg å komme med ein felles konklusjon rundt dette?

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2021

Læringsressursar

Politikk og historiske endringsprosessar