Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmoppgåver: Praying for Armageddon

Dokumentarfilmen Praying for Armageddon handlar om samanhengen mellom amerikansk politikk, fundamentalistisk amerikansk kristendom, bibelske forteljingar om endetida og Israel-Palestina-konflikten.
Jesus-figur sit på ein kvit hest. Han held eit amerikansk flagg i venstre hand. I høgre hand held han eit automatvåpen som han siktar ned mot bakken med. Tekst i biletet: Når bibelsk profeti er politisk makt. Praying for Armageddon. Illustrasjon.

Sjå filmen

Sjå dokumentaren Praying for Amageddon på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Det er lurt å kjenne til bakgrunnen for Israel-Palestina-konflikten før du ser filmen. Du kan lese meir om konflikten i artikkelen "Israel-Palestina-konflikten".

Oppgåver til filmen

  1. Ifølge filmen er det ein samanheng mellom trua på Armageddon blant enkelte kristne i USA og det at palestinarar blir fordrivne frå heimane sine av israelske busetjarar. Forklar denne samanhengen.

  2. Kva rolle spelte religion i storminga av den amerikanske kongressen 6. januar 2021, ifølge filmen?

  3. Den israelske rabbinaren Arik Ascherman ser på kristen støtte til israelske busetjarar som ein trussel. Korleis argumenterer han for det?

  4. Korleis ser dei kristne i filmen for seg at endetida skal skje, og kva teikn ser dei på at ho allereie er i gang?

Vidare fordjuping og diskusjon

  1. Undersøk: Kva står det om Armageddon i Bibelen?

  2. Undersøk: Kva er evangelikale kristne? Kva forskjellar er det på dei som kallar seg evangelikale kristne i USA og i Noreg?

  3. Undersøk: Kva vil det seie å vere fundamentalistisk? Kan dei evangelikale kristne vi møter i filmen kallast fundamentalistiske, meiner du?

  4. Filmen blei laga før Hamas sitt terrorangrep i oktober 2023 og Israel sitt etterfølgande angrep på Gaza. Korleis trur du desse hendingane blir tolka av dei evangelikale kristne som er med i filmen?

  5. Les om omgrepet eksotifisering i artikkelen "Sentrale trekk i religionar og livssyn". Kan ein argumentere for at dokumentarfilmen eksotifiserer amerikansk kristendom?

  6. Kva knyter du til kristne verdiar? På kva måtar skil den typen kristendom vi møter i filmen seg frå dette?

  7. Del og diskuter det de har komme fram til i oppgåvene over. Kva tenker de om det de har lært av filmen og av oppgåvene?

Relatert innhald

Dokumentaren Praying for Amageddon gir eit innblikk i religiøs fundamentalisme i USA og korleis profetiar om verdas undergang påverkar amerikansk politikk.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2024

Læringsressursar

Politikk og historiske endringsprosessar