Hopp til innhald

Fagstoff

Radikalisering og ekstremisme

22. juli 2011 blei Noreg utsett for ei terrorhandling av ein valdeleg ekstremist, som over tid hadde blitt radikalisert. Kva meiner ein eigentleg med ekstremisme og radikalisering? Finst det nokon kjenneteikn på ein radikaliseringsprosess?
Ein brannbil og fleire brannmenn utanfor ei bygning i Regjeringskvartalet etter terrorbomba 22. juli 2011. Alle vindauge er knuste, det kjem røyk frå bygninga og bygningsdelar er spreidde utover plassen framfor bygninga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Valdeleg ekstremisme og radikalisering

Valdeleg ekstremisme er ei nemning vi bruker om personar som er villige til å bruke vald for å nå dei politiske måla sine. Terrorhandlingane i Noreg 22. juli 2011 er eit døme på slike handlingar, utført av ein valdeleg ekstremist.

Radikalisering er prosessen der ein person i aukande grad aksepterer bruk av vald, eller truslar om vald, for å nå dei politiske, religiøse eller ideologiske måla sine.

Radikaliseringsprosessen

Det er samansette faktorar som avgjer om ein person blir radikalisert i retning av valdeleg ekstremisme. Kor lang tid ein slik prosess tek, vil variere frå person til person. Ofte blir prosessen kjenneteikna av at røyndomsforståinga til personen blir endra, og at personen gradvis tek meir og meir avstand frå demokratiske prinsipp i samfunnet. Samtidig blir personen open for bruk av truslar og vald for å nå måla sine. For radikaliserte personar kan ein situasjon opplevast som så akutt og alvorleg at å bruke vald blir sett på som den einaste utvegen.

I ein radikaliseringsprosess vil ofte sosiale faktorar vere sentrale. Dette kan vere endring av vennekrins, dramatiske hendingar, tilbaketrekking frå samfunnet, kjensle av utanforskap eller opplevd urettferd. Ofte er dette kombinert med personlege faktorar som eit ønske om tilhøyrsel, tryggleik eller identitet. Karismatiske leiarskikkelsar, ideologi eller religion kan halde oppe og drive prosessen vidare mot å bli ein valdeleg ekstremist.

I radikaliseringsprosessen vil faktorar på ulike nivå blandast saman og føre til at vedkommande endar opp som ein valdeleg ekstremist. Ofte blir mindre forteljingar vovne saman til eit klart og tydeleg konspirasjonsprega narrativ om "oss mot dei”. Og for den valdelege ekstremisten rettferdiggjer dette bruk av vald som den einaste løysinga for å nå målet vedkommande har sett seg.

Kunnskapsfilm: Kven er ekstremistane?

Før du ser filmen under, skal du tenke gjennom følgande spørsmål:

  • Kva legg du i ordet ekstremisme, og kva for nokre ekstremistiske grupper kjenner du til?

  • I kva grad er det politisk overtyding eller andre faktorar som fører til medlemskap i ekstremistiske grupper?

Førebygging

Det er mange årsaker til radikalisering, og derfor vil også førebygging skje på ulike måtar. Ofte er det leiting etter tilhøyrsel og tryggleik som fører sårbare personar inn i ekstremistiske miljø. Eit førebyggande tiltak vil derfor vere å skape eit inkluderande samfunn som alle kjenner seg heime i.

Personar som har blitt dregne inn ekstremistiske miljø der ideologi, politikk eller religion speler ei viktig rolle, vil det vere mogleg å inngå ein dialog med, om sakene dei er opptekne av.

Ofte vil sosialt samhald vere ei sterkare drivkraft for radikalisering, enn det ideologi er. Derfor vil sosialt samhald og tilhøyrsel spele ei tilsvarande viktig rolle for å komme ut av ekstremistiske miljø.

Viss du kjenner nokon eller veit om nokon du er bekymra for, kan du lese meir om kva du kan gjere, på utveier.no sine nettsider:

Kjelder

Bjørgo, T. (2015, 18. februar). Hvem blir terrorister? NRK. https://www.nrk.no/ytring/hvem-blir-terrorister_-1.12215852

FN-sambandet. (2022, 3. januar). Ekstremisme og terrorisme. https://www.fn.no/tema/konflikt-og-fred/ekstremisme-og-terrorisme

Plattform – norsk institutt for forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme. (2016, 8. oktober). Kort innføring: Radikalisering. https://www.plattform.no/radikalisering/

Regjeringen. (2019, 13. august). Hva er radikalisering og voldelig ekstremisme? https://www.regjeringen.no/no/sub/radikalisering/om-forebyggende-arbeid/hva-er-radikalisering-og-voldelig-ekstre/id663761/

Utveier. (u.å.). Radikaliseringsprosesser. https://utveier.no/hva-er-radikalisering-og-ekstremisme/radikaliseringsprosesser/

Relatert innhald

Kva er venstreekstremisme, og kva kjenneteiknar venstreekstreme grupper og rørsler?

Kva kjenneteiknar høgreekstreme grupperingar, og kor farlege er desse i dag?

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Radikalisering, ekstremisme og terror