Hopp til innhald

Fagstoff

Høgreekstremisme

Høgreekstreme grupperingar og parti er på den ytste høgresida i det politiske landskapet. Kva kjenneteiknar slike grupper, og kor farlege er desse i dag?
Tre menn med hettegenserar med påskrifta Nordic Resistance Movement står breibeinte på eit torg med ryggen til og held to flagg med organisasjonens logo. I bakgrunnen er det ein stor folkemengde med plakatar og prideflagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Høgreekstremisme

Høgreekstremisme er eit samleomgrep for ulike former for politisk ekstremisme. Dette er grupperingar, rørsler eller parti som blir plasserte på den ekstreme politiske høgresida og blir kjenneteikna av rasisme, fascisme og nazisme. Andre kjenneteikn er framandfrykt, anti-demokratiske haldningar og nasjonalisme.

Høgreekstreme rørsler har tradisjonelt vore prega av haldningar og konspirasjonsteoriar. Nynazistiske miljø trur på førestillinga om ein jødisk verdskonspirasjon. Dei står også ofte for holocaustfornekting, som betyr at dei meiner Hitler og Nazi-Tysklands drap på seks millionar jødar under andre verdskrigen aldri fann stad.

Andre høgreekstreme grupperingar i dag er i større grad prega av innvandringsmotstand og anti-islamistiske haldningar. Førestillinga om at muslimar, i samarbeid med politiske elitar, er i ferd med å ta over Europa gjennom auka innvandring, står sterkt i desse miljøa. Dette er konspirasjonsteorien om .

Høgrepopulistiske og høgreradikale parti

Høgrepopulistiske eller høgreradikale parti er motstandarar av auka innvandring og er kritiske til etablerte elitar. Slike parti hevdar å representere folk flest eller "det verkelege folket". Enkelte slike parti beveger seg i ei rasistisk retning, forsvarer tradisjonelle kjønnsroller og er ofte skeptiske til menneskeskapte klimaendringar og overnasjonale institusjonar som EU. Enkelte høgreradikale parti er skeptiske til demokratiet.

Høgreekstreme grupper og parti på si side ønsker gjerne å gå endå lenger enn dei populistiske eller radikale partia på høgresida. Dei høgreekstreme partia vil erstatte dagens samfunnssystem, og om nødvendig gjere det gjennom ei valdeleg omvelting, religions- eller rasekrig.

Ein middelaldrande mann med mikrofon og ein eldre mann med norsk flagg bak ei politisperring. Framfor står fleire politifolk med hjelmar og skjold. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Kjenner du til nokon rørsler, parti eller grupperingar i Europa som kan seiast å vere høgreekstreme?

Høgreekstremisme i Noreg

Noreg har ei lang historie med høgreekstremisme, men desse rørslene har hatt mindre politisk slagkraft her i landet samanlikna med andre europeiske land.

På 1920-talet voks det fram grupperingar i Noreg som var inspirerte av den italienske . Fedrelandslaget blei ei større rørsle med fascistiske trekk. På 1930-talet og under andre verdskrigen fekk vi det nazistiske partiet Nasjonal Samling, med Vidkun Quisling som partileiar. Etter andre verdskrigen var det nokre tiår med lite politisk høgreekstremisme i Noreg.

På 1970- og 1980-talet dukka det opp igjen høgreekstreme grupperingar og parti. I 1985 blei ein moské i Oslo bomba av ei gruppe som kalla seg Nasjonalt Folkeparti. Og på 1990-talet voks det fram ein nynazistisk subkultur i Oslo og på Austlandet.

Høgreekstremisme i dag

I dag er det andre høgreekstreme grupperingar som har vakse fram. Den mest synlege gruppa er Den nordiske motstandsrørsla (DNM), som hovudsakleg blir styrt frå Sverige.

Høgreekstreme rørsler i dag har endra noko karakter frå tidlegare. Det er ikkje lenger hovudsakleg ungdommar som blir tiltrekte desse miljøa. I dag blir internett og sosiale medium brukte for å spreie bodskapen og nå ut til fleire, og det er i mykje større grad muslimar, og ikkje jødar, som er hovudfienden til dei høgreekstreme gruppene.

I Noreg har det blitt gjort fleire valdshandlingar av høgreekstreme, der den mest ekstreme handlinga blei gjennomført 22. juli 2011. Du kan lese meir om terrorhandlingane i Regjeringskvartalet og på Utøya i det tverrfaglege emnet om 22. juli.

Tenk etter

Kor farlege er høgreekstreme i Noreg i dag?

Kjelder

Færseth, J. (2021). Fyrtårnet i øst. Putins Russland og vestlige ekstremister. Humanist Forlag. Oslo.

Utveier (2021, 21. september). Høyreekstremisme. https://utveier.no/hoyreekstremisme/

Jupskås, A. R. (2019, 31. oktober). Høyreekstremisme. I Store Norske Leksikon. https://snl.no/h%C3%B8yreekstremisme

Relatert innhald

Valdeleg ekstremisme varierer i ideologi og valdsmetodar. I denne oppgåva skal du utforske likskapar og forskjellar mellom ulike former for ekstremisme.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Radikalisering, ekstremisme og terror