Hopp til innhald

22. juli 2011

"I dag er Noreg ramma av to sjokkerande, blodige og feige angrep". Det sa dåverande statsminister Jens Stoltenberg på pressekonferansen til regjeringa 22. juli 2011. Denne dagen står igjen som ein av dei mørkaste dagane i norsk historie.
Hender held opp roser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er no over ti år sidan terrorangrepet 22. juli 2011. Ein dag vil de som no går på vidaregåande vere dei siste som hugsar noko frå denne grufulle dagen og tida etter. De vil bli dei siste tidsvitna.

I læringsstien "22. juli 2011" vil de få ei oversikt over hendingane frå terrordøgnet 22. juli 2011 og dommen mot Anders Behring Breivik. Vi har samarbeidd med NRK Skole om å setje saman videoklipp frå nyheitssendingane i 2011 og 2012. I første del av denne læringsstien vil de ved hjelp av desse videoklippa, artiklar og oppgåver kunne utforske kva vi som nasjon gjekk gjennom, kva vi visste det første døgnet etter terroraksjonen, og kva vi var opptekne av i tida etterpå. Undervegs blir det rom for refleksjon og felles diskusjon.

I det siste steget i læringsstien finn de konkrete forslag til ulike faglege innfallsvinklar til fordjuping, og korleis de kan jobbe med eit prosjekt om 22. juli. Her kan det vere aktuelt å trekkje inn både fellesfag og programfag. Til slutt skal de drøfte dei mest sentrale spørsmåla som står igjen etter terrorangrepet:

  • Korleis kunne dette skje?

  • Kvifor blei nettopp Regjeringskvartalet og Utøya angripne?

  • Korleis takla Noreg krisa?

  • Kva blei konsekvensane?

  • Korleis påverkar terror og ekstremisme politisk deltaking?

  • Korleis kan vi hindre at det skjer igjen?

I løpet av hausten 2021 vil vi publisere hjelperessursar knytte til dei ulike innfallsvinklane der vi gir tips til korleis de kan jobbe og kva kjelder de kan bruke.

Andre ressursar om 22. juli

Det finst mange gode ressursar om 22. juli. På nettstadene under finn de både ferdige undervisningsopplegg og nyttige kjelder til arbeid med temaet.

22. juli-senteret på 22julisenteret.no

Lærings- og refleksjonsmateriell om 22. juli på Wergelandsenteret

Utøya på utoya.no

22. juli på nrk.no

22. juli på NRK Skole

Podkastserien Hele historien: 22. juli på nrk.no

Antologi med tekstar om 22. juli på frittord.no.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

22. juli 2011