Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast om radikalisering

Kva er radikalisering, og kva kan vi gjere for å hindre at nokon blir radikaliserte? I denne podkasten høyrer du historia om 16 år gamle Haakon som går på ein vidaregåande skule i Noreg. Haakon er ikkje ein ekte person, men historia er basert på verkelege hendingar.
Personar frå den høgreekstreme grupperinga Den nordiske motstandsbevegelsen (DNM) står samla på eit torg og veiver med store, grøne flagg med logoen deira på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Før du lyttar til podkasten

  1. Kjenner du til nokon personar i Noreg som har blitt radikaliserte?

  2. Kva kan i verste fall skje om nokon blir radikaliserte?

Mannshovud verna av ein festningsmur. Illustrasjon.

Radikalisering

I denne podkasten snakkar vi om radikalisering med psykolog Lars Lyster. Du skal få høyre ei historie om Haakon, som er 16 år og går på ein vidaregåande skule i Noreg. Haakon er ikkje ein ekte person,...

0:00
-0:00

Oppgåve 2. Etter at du har lytta til podkasten

  1. Korleis definerer psykolog Lars Lyster omgrepet radikalisering?

  2. Forklar korleis Haakon blei radikalisert.

  3. Finst det eit typisk forløp for ein radikaliseringsprosess?

  4. Kva meiner psykolog Lars Lyster vi kan gjere for å hjelpe personar som Haakon?

  5. Diskuter med ein medelev: Kva kan vi som enkeltpersonar og som samfunn gjere for å hindre radikalisering av ungdom?

Samanfatt i plenum til slutt.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022

Læringsressursar

Radikalisering, ekstremisme og terror