Hopp til innhald

Fagstoff

Venstreekstremisme

Venstreekstremisme er ei samlenemning på ulike former for politisk ekstremisme på den ytste venstre politiske fløya. Kva kjenneteiknar slike grupperingar?
Ein logo med ei raud stjerne, ein maskinpistol og bokstavane RAF. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Venstreekstremisme

Venstreekstremisme er ei nemning som blir brukt på ulike former for politisk aktivisme og radikalisme som høyrer til på den ytste politiske venstresida. Dette er grupperingar eller rørsler som spring ut frå ideologiar til venstre, som den demokratiske og parlamentariske Nemninga blir brukt om alt frå terrorgrupper til ikkje-valdelege aksjonar. Fleire av desse grupperingane er revolusjonære og ønsker å bryte med med det etablerte i samfunnet.

Idégrunnlaget for venstreekstremisme kan knytast til europeiske på 1870-talet, som meinte handling var viktigare enn ord. Angrep på maktpersonar og statsleiarar skulle vise at det var mogleg å gjere opprør mot maktstrukturar. På 1970-talet fekk venstreekstremisme igjen eit høgdepunkt. Denne gongen var opprør, terror og motstand knytt til avkolonisering, revolusjonære grupper i Latin-Amerika og studentopprør i Vest-Europa.

Fiendebiletet til venstreekstreme kan vere politiske motstandarar, maktapparat, politi, selskap, religion eller grupper som blir oppfatta som truande for det samfunnet desse ønsker seg. I Noreg er det gjerne motstand mot høgreekstremisme som samlar dei venstreradikale eller venstreekstreme.

Terror

På 1970-talet fanst det fleire ekstreme grupper på venstresida. Dei mest kjende var Raude Armé Fraksjon (RAF) i Vest-Tyskland og Dei Raude Brigadar i Italia som både skapte frykt og gjennomførte terroraksjonar i Europa.

Utforsk

Bruk internett, og finn døme på grupper eller rørsler som kan kallast for venstreekstreme.

Kjelder

Plattform. (2016, 10. oktober). Hva er venstreradikalisering? https://www.plattform.no/venstreradikalisering/hva-er-venstreradikalisering/

Sitter, N. (2022, 3. mai). Terrorisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/terrorisme

Venstreekstremisme (2021, 19. februar). I Store norske leksikon. https://snl.no/venstreekstremisme

Relatert innhald

Valdeleg ekstremisme varierer i ideologi og valdsmetodar. I denne oppgåva skal du utforske likskapar og forskjellar mellom ulike former for ekstremisme.

Terrorisme er ein illegal valdsmetode og ei form for valdeleg ekstremisme. Ekstremisme kan komme av ei ekstrem verkelegheitsforståing eller moralforståing.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Radikalisering, ekstremisme og terror