Hopp til innhald
Fagartikkel

Incels

Incels er ei nemning for personar som er "involuntary celibate", det vil seie som lever i ufrivillig sølibat eller seksuelt fråhald. Fellesskapen av incels har dei siste åra blitt knytt til kvinnehat, skyteepisodar og sjølvmord. Snakkar vi her om ei ny form for radikalisering og ekstremisme?

Kva er eigentleg incels?

Incels, eller "involuntary celibate", er personar som lever i ufrivillig sølibat, og som har gjerne også har falle utanfor samfunnet. Incelsamfunnet starta som ein fellesskap på internett kor spesielt unge menn søkte saman. Felles for mange av desse unge mennene er mangel på intimitet, sex og kjærast. Litt forenkla kan vi seie at einsemd og mangel på sosiale nettverk fører til at desse finn saman på internett, der dei dannar ein fellesskap med andre som også kjenner seg åleine.

Incels i Noreg

Reform – ressurssenter for menn har kartlagt den norske incelkulturen. Ifølge Reform er noko av det som kjenneteiknar incelsamfunnet, at medlemmene har eit stort fokus på kropp, spesielt dei delane av kroppen det er umogleg å endre, slik som høgde og beinstruktur.

Incels forklarer sjølv at dei er lite attraktive, og at dei har problem med å finne ein seksuell partnar fordi dei ikkje oppfyller visse kroppsideal. Mange av dei meiner at dette kjem av normene i samfunnet for korleis kroppen skal sjå ut, noko som gjer det umogleg for dei å lausrive seg frå eit ufrivillig sølibat. Dette forsterkar ei kjensle av å ikkje ha kontroll på eigen situasjon, som igjen kan føre til maktesløyse, einsemd og eit ytre og indre hat.

Det er omtrent like mange gutar og menn som jenter og kvinner som er misfornøgde med eigen kropp. Men forskjellen er at det er færre gutar og menn som søker hjelp. Vi ser at desse heller oppsøker nettsamfunn og nettsider der dei kan finne ein fellesskap med likesinna.

Er tankesettet til incels ei form for ekstremisme?

Det virtuelle incelsamfunnet blir ofte assosiert med kvinnehat, sjølvhat og i nokre tilfelle valdsfantasiar. Incelsamfunnet har også blitt knytt til konkrete terrorhandlingar. I 2014 blei sju menneske drepne i eit angrep i California utført av gjerningsmannen Elliot Rodgers. Terrorhandlinga blei hylla av Alek Minassian, som sjølv blei dømd for massedrap i Toronto i 2018. Begge terrorhandlingane blir knytte til kvinnehat og seksuell frustrasjon.

Tenk etter

Kvifor oppsøker unge menn ulike nettstader med kvinnefiendtleg ideologi?

Det er likevel viktig å understreke at incels er ei samansett gruppe. Sjølv om mange unge menn kjenner seg igjen i tankegangen til incels, tek dei fleste avstand frå kvinnehat og valdsbruk. Mange ønsker ikkje å bli identifiserte med incelsamfunnet på grunn av koplinga til ekstremisme og massedrap.

Ein bør altså skilje mellom personar som utøver vald mot andre menneske, og dei som søker ein fellesskap på grunn av einsemd. Enkeltpersonane som utøver vald, er ikkje representative for heile incelsamfunnet. Det er viktig å ikkje stigmatisere ei heil gruppe med menneske som allereie er sårbare, og som framfor alt treng omsorg og nærleik.

Kvifor blir unge menn tiltrekte til incelsamfunnet?

I media har incelfenomenet blitt forklart på fleire måtar, alt frå å vere eit produkt av ein kvinnefiendtleg ideologi til å vere ein konsekvens av ei komplisert mannsrolle. Men den underliggande faktoren for kvifor unge menn blir tiltrekt dette miljøet, er i mange tilfelle einsemd og utanforskap.

Tenk etter

Fører einsemd og utanforskap til ekstremisme, eller fører ekstreme haldningar til at ein blir mindre attraktiv og kjenner seg utanfor?

Reelle problem

Problema mange incels møter på, er reelle. Mange føler at dei ikkje strekk til i konkurransen om å få ein seksuell partnar. Einsemd og mangel på intime relasjonar fører til utanforskap, skam, frustrasjon og lengsel etter det som manglar. Likevel er det håp for mange som kjenner på desse kjenslene. I lenkene under kan du lese om kva samfunnet kan gjere for å hjelpe, og kva ein kan gjere sjølv viss ein kjenner på nokre av desse kjenslene.

Hjelpe, ikkje fordømme.

Reform – ressurssenter for menn har laga ein brosjyre om tematikken rundt incels. Her finn du meir informasjon om unge norske menn som sjølv identifiserer seg som incels, og tilrådingar om kva som kan gjerast for å betre ta vare på desse.

Brosjyre, Reform: Hjelpe, ikke fordømme. Ensomhet og helse blant norske "incels".

Tips til incels

I kronikken under gir psykolog Marius Stavang tips til incels om korleis negative tankar kan møtast og nedkjempast.

Kronikk, NRK: En livbøye til "incels".

Kjelder

Bjørkelo, K. A. (2022, 7. januar). Incel. I Store norske leksikon. https://snl.no/incel

NRK. (Utgiver). (2020, 15. november). Incel – kvinnehat og selvforakt. [Audiopodkast-episode]. I Verdibørsen. NRK. https://radio.nrk.no/podkast/verdiboersen/sesong/202011/l_bc5f5b0a-bd5f-4b00-9f5b-0abd5f0b00cb

NRK. (Utgiver). (2021, 17. september). Incel – menn uten håp. [Audiopodkast-episode]. I Verdibørsen. NRK. https://radio.nrk.no/podkast/verdiboersen/l_2ddde2b5-f09a-4b95-9de2-b5f09adb95ea

Reform – ressurssenter for menn. (2021, 24. september). Incels: menn som hater seg selv. https://reform.no/prosjekter/incels-menn-som-hater-seg-selv-2021/

Reform – ressurssenter for menn. (2022). Hjelpe, ikke fordømme. Ensomhet og helse blant norske ‘incels’. [Brosjyre]. Reform – ressurssenter for menn. https://reform.no/publikasjoner/incels-hjelpe-ikke-fordomme/

Stavang, M. (2019, 14. september). En livbøye til "incels". https://www.nrk.no/ytring/en-livboye-til-_incels_-1.14508400

Vidnes, A. K. (2021, 29. august). Incels i Norge: Vi vet for lite og gjør ikke nok. https://forskning.no/kjonn-og-samfunn-om-forskning-psykologi/incels-i-norge-vi-vet-for-lite-og-gjor-ikke-nok/1899491