Økofascisme – den grøne fascismen
Økofascisme er ei ideologisk retning innanfor høgreekstremisme som er i vekst globalt og i Noreg. Den bygger på tradisjonell rasisme kombinert med bekymring for overbefolkning, global oppvarming og pandemiar. Økofascistane er i stor grad internettbaserte grupper som blandar idéar om naturvern og berekraft med nazistiske syn på rase, kjønn og innvandring.
Økofascisme er altså ei form for ekstremisme som kombinerer to av dei mest betente temaa i dag: klima og innvandring. Tilhengarane fryktar at utfordringar med overbefolkning, masseinnvandring og mangel på ressursar ikkje kan løysast gjennom den demokratiske modellen. Økofascisme kan derfor sjåast på som eit opprør mot det moderne samfunnet, der tilhengarane meiner at løysinga er å erstatte demokratiet med ein autoritær samfunnsmodell basert på nasjonalsosialisme.
Antidemokratiske haldningar og terrorangrep
Den finske økologen Pentti Linkola (1932–2020) har blitt omtalt som "den moderne økofascismen sin far". Linkola hadde klare antidemokratiske haldningar og meinte at ein stor del av menneska i verda burde drepast for å verne naturen.
Dei siste åra har det vore fleire terrorhandlingar, mellom anna i Christchurch på New Zealand og i Texas i USA, der gjerningsmennene har vore tilknytta økofascisme. I dag er det ei aukande frykt for at desse miljøa blir ytterlegare radikaliserte, og at fleire kan ty til vald eller terror som verkemiddel for å fremme bodskapen sin.
Nazisme og miljøvern
I økofascismen er det ei frykt for å miste privilegium og ressursar til andre folkeslag som ifølge økofascistane ikkje høyrer heime i Vesten. Økofascisme i Norden følger ein tankegang om at eit folkeslag er uløyseleg knytt til det dei oppfattar som "si" jord. Nordiske økofascistar meiner derfor at det berre er den såkalla "nordiske rasen" som har rett til nordisk natur og det nordiske økosystemet.
Løysinga til økofascistane inneber at ein stenger grensene for innvandring, og at naturressursane skal bevarast og behaldast i det globale nord. Dei mest ekstreme meiner at overbefolkning skal reduserast ved å kutte bistand og nødhjelp til land utanfor den vestlege verda. Enkelte har også teke til orde for å ta livet av ikkje-kvite menneske.
I tillegg til dette fiendtlege menneskesynet fremmar økofascistane dyrevelferd og berekraftige løysingar, til liks med den etablerte miljørørsla.
Det eksisterer og har eksistert mange konspirasjonsteoriar om at styresmaktene ikkje er til å stole på. Spesielt under pandemien voks det fram mykje misnøye både mot styresmakter og vaksineprogram. Slike konspirasjonsteoriar handlar gjerne om ein skjult hemmeleg elite som styrer verda. Ofte er det jødane som blir trekte fram som dei som utgjer denne eliten.
Desse konspirasjonsteoriane florerer i dei same miljøa som økofascistane er i. I dag er det ei frykt for at desse miljøa skal inspirere kvarandre og vekse. Spesielt ettersom miljøutfordringane blir meir synlege framover, fryktar terrorforskarar at økofascisme kan bli ein aukande trussel for demokratiet.
Tenk etter
I kva grad har korona-pandemien og auka miljøengasjement bidrege til vekst i ekstreme miljø som økofascisme?
Aamundsen, J. S. (2021, 20. august). Den grønne fascismen. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/kultur/i/eEzvgR/den-groenne-fascismen
PST – Politiets sikkerhetstjeneste. (2021, 20. juli). PST-rapport: "10 år siden 22. juli – Sentrale utviklingstrekk innen høyreekstremisme. https://www.pst.no/globalassets/rapporter-2021/pst-rapport-10-ar-siden-22.-juli---sentrale-utviklingstrekk-innen-hoyreekstremisme.pdf
Sørøy, A. (2021, 6. oktober). Økofascisme: Høyreekstreme klima- og miljøvernere vekker uro med skremmende retorikk. Psykologisk. https://psykologisk.no/2021/08/okofascisme-hoyreekstreme-klima-og-miljovernere-vekker-uro-med-skremmende-retorikk/