Tverrfaglege tema
Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå einskildmenneske og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt.
Demokrati og medborgarskap
Demokrati og medborgarskap som tverrfagleg tema i skulen handlar om at du skal få kunnskapar om føresetnadene til demokratiet – og rettane og pliktene dine som medborgar. Du skal bli ein aktiv medborgar og bidra til å vidareutvikle demokratiet i Noreg.
Truslar mot demokratiet
Det moderne demokratiet har blitt til i løpet av dei siste 250 åra. Trass i nokre alvorlege tilbakeslag har verda stort sett blitt meir demokratisk i denne perioden. Men i dag er demokratiet trua av terror, krig, låg valoppslutning, alternative sanningar og av udemokratiske statsleiarar.