Hopp til innhald

Tverrfaglege tema

Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå einskildmenneske og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt.

Demokrati og medborgarskap

Demokrati og medborgarskap som tverrfagleg tema i skulen handlar om at du skal få kunnskapar om føresetnadene til demokratiet – og rettane og pliktene dine som medborgar. Du skal bli ein aktiv medborgar og bidra til å vidareutvikle demokratiet i Noreg.

Plikter og rettar

I eit demokratisk samfunn har du både plikter og rettar. Du har rett til å seie kva du meiner og bestemme over ditt eige liv. Du har òg plikt til å følgje lover og reglar, lytte til andre sine meiningar og respektere dei andre sine rettar.

3 caser