Ytringsfridom under press - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald

Ytringsfridom under press

I 2021 blei Nobels fredspris delt ut til to journalistar. På same tid verkar det som at ytringsfridommen er under press globalt. Kva skjer eigentleg med ytringsfridommen?

I den tverrfaglege læringsstien "Ytringsfridom under press" skal du setje deg inn i kva som er meint med ytringsfridom og pressefridom. Viktige problemstillingar er korleis ytringsfridommen blir trua, og korleis arbeidsforholda til pressa og journalistar er utfordrande i fleire land.

Ein måte å tilnærme seg dette temaet på er å ta utgangspunkt i utdelinga av Nobels fredspris i 2021, der journalistane Dmitrij Muratov og Maria Ressa blei anerkjend for arbeidet sitt. Deretter skal du sjå nærare på kva som skjer i ulike land som skårar lågt på presse- og ytringsfridom. Gjennom arbeidet skal du diskutere ulike problemstillingar tilknytta ytringsfridom, og kvifor ytringsfridommen er under press i dag.

Når du har fullført læringsstien, kan du fordjupe deg meir i temaet innan ulike fag og i tverrfaglege oppgåver. Oppgåvene kjem på slutten av læringsstien og heiter "Fordjup deg vidare".

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, engelsk, mediesamfunnet 1, mediesamfunnet 2, politikk og menneskerettigheter, sosialkunnskap.

Prosjekt om ytringsfridom

Ein annan måte å jobbe med temaet på kan vere å gjennomføre eit prosjekt over ein avgrensa tidsperiode. Ytringsfridom er eit viktig og sentralt tema som er innlemma i læreplanane i ulike fag og eignar seg derfor bra som utgangspunkt for eit tverrfagleg samarbeid. Dette opnar for at elevane kan tilnærme seg temaet frå fleire vinklar i ulike fag.

Ulike opplegg om ytringsfridom

I tillegg til desse arbeidsmåtane finst tre andre opplegg på NDLA som handlar om ulike sider ved temaet ytringsfridom:

Ytringsfridom, sensur og grenser

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, medie- og informasjonskunnskap 2, mediesamfunnet 2, historie, religion og etikk

Ytringsfridom, karikaturar og demokrati

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, mediesamfunnet 2, historie, religion og etikk

Bruk ytringsfridommen din

Relevante fag: alle

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2021