Hopp til innhald

Bruk ytringsfridommen din

Ytringsfridommen gir deg rett til å uttrykke det du meiner. Dette er ein grunnleggande rett som står sterkt i Noreg. Korleis kan du som ungdom bruke ytringsfridommen din?

I den tverrfaglege læringsstien, Bruk ytringsfridommen din, skal du setje deg inn i kva som ligg i ytringsfridom, og lære om korleis ytrings- og pressefridom er føresetnader for demokratiet. Deretter skal du tileigne deg kunnskap om korleis du kan komme gjennom med stemma di. Til slutt skal du vise korleis du kan bruke ytringsfridommen på ein aktiv og forsvarleg måte.

Prosjekt om ytringsfridom

Ein måte å jobbe med dette temaet på kan vere å gjere det som eit prosjekt over ein avgrensa tidsperiode. Ytringsfridom er eit viktig og sentralt tema som berører læreplanane i ulike fag. Temaet eignar seg derfor bra som utgangspunkt for eit tverrfagleg samarbeid, og det opnar for at elevane kan tilnærme seg temaet frå ulike vinklar, i ulike fag.

Ulike opplegg om ytringsfridom

I tillegg til desse arbeidsmåtane finst tre andre opplegg på NDLA som handlar om ulike sider ved temaet ytringsfridom:

Ytringsfridom under press

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, engelsk, mediesamfunnet 1, mediesamfunnet 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap.

Ytringsfridom, sensur og grenser

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, medie- og informasjonskunnskap 2, mediesamfunnet 2, historie, religion og etikk.

Ytringsfridom, karikaturar og demokrati

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, mediesamfunnet 2, historie, religion og etikk.


Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2021