Hopp til innhald

Ytringsfridom, karikaturar og demokrati

Ytringsfridom er ein grunnleggande menneskerett som står sterkt i demokratiske land. I eit demokrati vil derfor retten til å lage satire og karikaturar om dei som har makt, vere ein sentral del av ytringsfridommen. Men er humor og kritikk gjennom satire og karikaturar nødvendig i eit demokrati?

I den tverrfaglege læringsstien "Ytringsfridom, karikatur og demokrati" skal du lære kva som er meint med ytringsfridom, satire og karikaturar. Det er nødvendig å setje seg inn i hovudlinjene i ytringsfridommen si historie og forstå kor viktig kritikk av makthavarar har vore for utviklinga til demokratiet.

Vi kan nærme oss temaet ved å ta utgangspunkt i korleis karikaturar og satire har vore sentrale element i samfunnskritikken vår. Når du har sett deg inn i kva som er meint med ytringsfridom, satire og karikaturar, skal du fordjupe deg i korleis dette heng saman med demokrati. Deretter skal du problematisere temaet ved å sjå nærare på forholdet mellom karikaturstrid og ytringsfridom.

Når du har fullført læringsstien, kan du fordjupe deg vidare i temaet i ulike fag – og i tverrfaglege oppgåver.

Prosjekt om ytringsfridom

Ein annan måte å jobbe med temaet på er å gjere det gjennom eit prosjekt over ein avgrensa tidsperiode. Ytringsfridom er eit viktig og sentralt tema som høyrer til læreplanane i ulike fag. Temaet eignar seg derfor bra som utgangspunkt for eit tverrfagleg samarbeid, og det opnar for at elevane kan nærme seg temaet frå ulike vinklar – i ulike fag.

Ulike opplegg om ytringsfridom

I tillegg til arbeidsmåtar som er nemnde her, fins det tre andre opplegg på NDLA som omhandlar ulike sider ved temaet ytringsfridom:

Ytringsfridom under press

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, engelsk, mediesamfunnet 1, mediesamfunnet 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap

Ytringsfridom, sensur og grenser

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, medie- og informasjonskunnskap 2, mediesamfunnet 2, historie, religion og etikk

Bruk ytringsfridommen din

Relevante fag: alle

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2021