Hopp til innhald

Ytringsfridom, sensur og grenser

Ytringsfridommen handlar om å utrykkje meiningane sine. I Noreg står ytringsfridommen sterkt, og dei fleste ønskjer å forsvare denne retten. Men finst det grenser for ytringsfridommen? Burde ytringsfridommen avgrensast? Kan vi ikkje berre sensurere bort det vi ikkje liker?

I den tverrfaglege læringsstien "Ytringsfridom, sensur og grenser" skal du setje deg inn i kva som blir meint med ytringsfridom, og kva avgrensingar det er for ytringsfridommen. Eit sentralt spørsmål i læringsstien er kvar grensene for ytringsfridom går. Du skal også reflektere over og drøfte utfordringar med ytringsfridommen, og om sensur kan vere ei løysing.

Ein måte å tilnærme seg temaet på er å ta utgangspunkt i filmen Møt sensorene. Før du ser han, bør du ha sett deg inn i omgrepet ytringsfridom og jobba med avgrensingar og grenser for ytringsfridom. Gjennom arbeidet skal du diskutere og problematisere forhold rundt ytringsfridom.

Når du har fullført læringsstien, kan du fordjupe deg vidare i temaet i ulike fag og i tverrfaglege oppgåver. Desse oppgåvene kjem på slutten av læringsstien og heiter "Fordjup deg vidare".

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, medie- og informasjonskunnskap 2, mediesamfunnet 2, historie, religion og etikk.

Prosjekt om ytringsfridom

Ein annan måte å jobbe med dette temaet på kan vere å gjere det som eit prosjekt over ein avgrensa tidsperiode. Ytringsfridom er eit viktig og sentralt tema som berører læreplanane i ulike fag. Temaet eignar seg derfor bra som utgangspunkt for eit tverrfagleg samarbeid, og det opnar for at elevane kan tilnærme seg temaet frå ulike vinklar, i ulike fag.

Ulike opplegg om ytringsfridom

I tillegg til desse arbeidsmåtane finst tre andre opplegg på NDLA som handlar om ulike sider ved temaet ytringsfridom:

Ytringsfridom under press

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, engelsk, mediesamfunnet 1, mediesamfunnet 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap.

Ytringsfridom, karikaturar og demokrati

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, mediesamfunnet 2, historie, religion og etikk.

Bruk ytringsfridommen din

Relevante fag: alle.

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2021