Konspirasjonsteoriar og falske nyheiter - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald

Konspirasjonsteoriar og falske nyheiter

Konspirasjonsteoriar er ofte underhaldande og spennande, men dei kan òg vere farlege for enkeltpersonar og samfunnet. Saman med falske nyheiter og propaganda blir konspirasjonsteoriar brukte for å fremme fiendebilete og spreie usikkerheit.

I dette emnet skal de jobbe med

  • kva konspirasjonsteoriar er

  • korleis de kjenner igjen konspirasjonsteoriar

  • kvifor konspirasjonsteoriar, saman med falske nyheiter og propaganda, kan vere farlege for individ og samfunn

De får lese fagartiklar, lytte til podkastar og gjere fordjupingsoppgåver.

Jobb med konspirasjonsteoriar som eit tverrfagleg prosjekt

Konspirasjonsteoriar er eit viktig og sentralt tema som inngår i læreplanane i ulike fag. Temaet eignar seg derfor godt som utgangspunkt for eit tverrfagleg prosjekt, og det er mange moglegheiter for å tilnærme seg temaet frå ulike vinklar, i ulike fag.

Det finst fire opplegg på NDLA som tek for seg konspirasjonsteoriar frå ulike innfallsvinklar. Desse kan kombinerast og til dømes bli brukte til gruppearbeid i eit tverrfagleg prosjekt:

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, engelsk, historie, religion og etikk, mediefag, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap, sosiologi og sosialantropologi

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022