Utforsk kronologien i novella "Gutten"
Dette er siste trinn i ein læringssti om kronologi. Gå til fagartikkelen Korleis startar historien for å komme til første steg.
Les novella "Gutten" av Margaret Skjelbred.
Det er fint om de sit i grupper og byter på å lese avsnitt i novella høgt for kvarandre. Då kan de òg diskutere om det er ord eller setningar de ikkje forstår.
Skriv på ark eller pc:
Kva meiner du er konflikten i novella – altså problemet som driv handlinga framover?
Kva meiner du er temaet?
Beskriv starten av novella. Bruk fagomgrepa frå fagartikkelen "Korleis startar historia?"
Beskriv korleis novella er bygd opp. Bruk fagomgrepa frå fagartikkelen "Korleis blir historia fortald?"
Teikn opp spenningskurva og bruk fagomgrepa frå fagartikkelen "Spenningskurva i skjønnlitteratur".
Beskriv avslutninga i novella. Bruk fagomgrepa frå fagartikkelen "Korleis sluttar historia?"
Gå saman i grupper på tre eller fire. Samanlikn svara dykkar på spørsmåla frå del 2.
Gå i djupna på novella
Det er på tide å utforske korleis kronologi, tema og konflikt heng saman. Diskuter desse spørsmåla i gruppa:
Les innleiinga under.
Korleis beskriv forfattaren guten?
Kvifor trur de guten er beskriven slik?
Notidshandlinga går føre seg på toget og er fortald kronologisk. Men det er nokre tilbakeblikk i novella. Les tilbakeblikka under og diskuter korleis desse gir deg som lesar meir innsikt i konflikten og temaet i novella:
Les avslutninga av novella.
Kva slags kjensler vekker avslutninga i dykk? Kvifor?
Kvifor skriv forfattaren om "en våt hundevalp" og "den store sanktbernhardshunden"?
Kvifor trur de forfattaren har valt å avslutte novella på nettopp denne måten?