Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er lyrikk?

Når du høyrer på musikk, lyttar du kanskje til dikt utan å vite det. Kva er eigentleg lyrikk?

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:

Lyrikk
Lyrikk er ein sjanger i skjønnlitteratur. Lyrikk er korte tekstar med rim og rytme.
Dikt
Dikt er det same som lyrikk.
Rim
Rim er når ein eller fleire lydar liknar på kvarandre: bord – kor.
Rytme
Rytme er gjentaking av lydar eller stavingar som gir ei kjensle av takt. Dette finn vi til dømes i musikk.
Strofe
Ei strofe er ei gruppe linjer i eit dikt som høyrer saman.
Verselinje
Ei verselinje er ei linje i eit dikt.
Tradisjonelt dikt
Eit tradisjonelt dikt er eit dikt med fast rim og rytme, der linjene ofte følger eit bestemt mønster.
Moderne dikt
Eit moderne dikt er eit dikt utan fast rim og rytme, og der linjene ikkje følger eit bestemt mønster.

Kva er lyrikk?

Lyrikk er det same som "dikt". Ein som skriv dikt, blir kalla ein diktar eller poet. Dikt er ofte korte tekstar om kjensler, tankar og . Dikt seier mykje med få ord.

Sjå til dømes på diktet "eg og farfar" av Brynjulf Jung Tjønn. Han blei adoptert frå Sør-Korea til ei lita norsk og lagar mellom anna dikt om korleis det har vore å vekse opp og kjenne seg annleis:

Snakk med ein medelev

  • Kva trur de Brynjulf Jung Tjønn vil fortelje med diktet?

  • Korleis klarer han å seie mykje med få ord?

Kjenneteikn ved lyrikk

Kva er typiske kjenneteikn ved lyrikk? Det er vanskeleg å gi eit svar, for dikt er ulike. Her får du forklaringar og døme på nokre viktige omgrep:

Kva er strofer og verselinjer?

  • Ei strofe er eit avsnitt eller eit kapittel i eit dikt. Mellom kvar strofe er det luft.

  • Ei verselinje er ei linje i eit dikt.

Sjå til dømes på diktet "Borte" av Henrik Ibsen (under). Det har tre strofer. I kvar strofe er det fire verselinjer:

De siste gjester
vi fulgte til ;

tok nattevinden.

I
lå hagen og huset,
hvor toner søte
meg .

Det var en fest ,
før natten den sorte;
hun var en gjest kun, —
og nå er hun borte.

(Ibsen, 1871, modernisert av NDLA)

Forstod du diktet? Les det gjerne ein gong til. Det kan hjelpe deg å vite at stemma i diktet, altså den som fortel, har hatt fest. No skal gjestene dra, og (stemma i diktet) liker ei av gjestene (ho) spesielt godt. Men "nå er hun borte" står det i siste verselinje. Diktet handlar kanskje om å vere forelska?

Kva er rim?

Rim er når ulike ord har ganske like lydar. Å bruke rim lagar ein spesiell rytme i diktet. Det betyr at nokre lydar blir gjentekne og lagar ein slags melodi. Både enderim og bokstavrim er vanleg i dikt.

Enderim

Diktet "Borte" har enderim. Viss du ser på den første strofa, har verselinje 1 og 3 ganske like lydar i siste ordet:

De siste gjester
[...]
farvelets rester

Det samme har verselinje 2 og 4:

vi fulgte til grinden
[...]
tok nattevinden.

Desse enderima gjer at diktet får ein fast rytme.

Bokstavrim

Bokstavrim er når mange ord i teksten startar med same lyd. Klarer du å finne bokstavrima i utdraget frå diktet "Ett er nødvendig" av Hans Børli?

Ett er nødvendig – her
i denne vår vanskelige verden
av og :

Å ta i seg selv

(Børli, 1974)

I den andre verselinja blir lyden -v gjenteken i frasen "vår vanskelige verden". I den tredje verselinja blir lyden -h gjenteken: "husville og heimløse". I den siste verselinja er det lyden -s som blir gjenteken: "seg selv".

Tradisjonelle og moderne dikt

Vi skil mellom moderne og tradisjonelle dikt.

Tradisjonelle dikt

Tradisjonelle dikt har

  • fast mønster. Eit døme er "Borte" av Henrik Ibsen (over), som har fire verselinjer i kvar strofe.

  • enderim

  • fast rytme

I dag er tradisjonelle dikt vanlegast i pop og rock. Men om du les moderne lyrikk i ei bok, er det vanlegare med moderne lyrikk.

Moderne dikt

Moderne dikt har ikkje fast mønster. Eit døme er diktet "Jeg trodde lykken lå på den andre siden av grensen" av Selma M. Yonus:

Vi trodde lykken lå på den andre siden av .
Vi reiste bort og havet.
Vi visste ikke at lykken har
sine egne grenser.
(Yonus, 2021)

Viss du les diktet høgt, vil du merke at diktet ikkje har fast rytme. Det er fordi det ikkje har eit fast mønster med like mange verselinjer i kvar strofe og enderim.

Men andre verkemiddel kan likevel skape ein slags rytme. Til dømes startar mange setningar med ordet "vi".

Også diktet "eg og farfar" av Brynjulf Jung Tjønn er moderne.

Gå saman med ein medelev. Fortel att til kvarandre det de har lese. Bruk desse orda:

  • tradisjonelle dikt

  • moderne dikt

  • strofe

  • verselinje

  • enderim

  • bokstavrim

Kjelder

Børli, H. (1874). Vindharpe. Aschehoug.

Ibsen, H. (1871). Digte. Den Gyldendalske Boghandel.

Yonus, S.M. (2021). Vuggesong for liten kriger. Aschehoug.

Relatert innhald

Fagstoff
Rim og rytme

Les om rim og rytme som språklege verkemiddel.