Hopp til innhald
Oppgåve

Diskuter motiv, tema og bodskap

Jobb med fagomgrepa motiv, tema og bodskap ved å diskutere kunst og litteratur.

Før du gjer denne oppgåva, bør du ha lese fagartikkelen "Motiv, tema og bodskap".

Oppgåve 1. Motiv, tema og bodskap i kunst

Del 1: Jobb åleine

Bla gjennom dei tre måleria over. Pass på å ha dei i fullskjerm. Tenk over kva du meiner er

  • motiv

  • tema

  • bodskap (viss du meiner nokon av bileta har bodskap)

Skriv gjerne ned nokre du kan ha med til diskusjonen i del 2.

Del 2: Diskuter saman

Set dykk saman i grupper på tre–fire elevar. Fortel kvarandre kva de meiner er motiv, tema og bodskap i bileta.

Del 3: Samanfatt i klassen

Diskuter saman i klassen kva de meiner er motiv, tema og bodskap i bileta.

Oppgåve 2. Motiv, tema og bodskap i dikt

Del 1: Jobb åleine

Les diktet "Folkebibliotek" av Haile Bizen, ein diktar frå Eritrea. Tenk over kva du meiner er

  • motiv

  • tema

  • bodskap (viss du meiner diktet har bodskap)

Skriv gjerne ned nokre stikkord du kan ha med til diskusjonen i del 2.

Innhaldet er visuelt.

Del 2: Teikn diktet

Korleis vil du teikne diktet? Lag ei teikning som du synest får fram motiv, tema og/eller bodskap.

Del 3: Diskuter saman

Set dykk saman i grupper på tre–fire elevar. Fortel kvarandre kva de meiner er motiv, tema og bodskap i diktet. Vis kvarandre teikningane de laga, og forklar kvifor de teikna som de gjorde

Oppgåve 3. Motiv, tema og bodskap i noveller

Del 1: Jobb åleine

Les novella "Gutten" av Margaret Skjelbred. Skriv ned kva du meiner er motiv, tema og bodskap (viss du meiner novella har ein bodskap.).

Del 2: Diskuter saman

Set dykk saman i grupper og diskuter kva de meiner er motiv, tema og eventuell bodskap i novella.

Oppgåve 4. Samanfatt skriftleg

  1. Forklar skriftleg og med eigne ord kva fagomgrepa motiv, tema og bodskap betyr. Du skal ikkje bruke hjelpemiddel.

  2. Les forklaringane høgt i klassen og gi kvarandre tilbakemelding på om forklaringane fungerer.