Hopp til innhald
Oppgåve

Beskriv og lag miljøskildringar

I denne oppgåva skal du først lese miljøskildringar og diskutere dei med andre. Etterpå skal du skrive dine eigne miljøskildringar.

Oppgåve 1. Les og lag miljøskildringar

Del 1: Les ei miljøskildring av eit rom

  1. Les miljøskildringa av ei stove under

    Eg opna den kvite døra og gjekk inn i stova. Lyset frå dei store vindauga meg nesten, slik at eg måtte lukke auga. Då eg opna dei igjen, såg eg at heile stova hadde ein gammal og sikkert veldig dyr, rosa på veggene. Eg snudde meg til venstre og såg ein vakker som nok var 200 år gammal. Bak denne hang måleri med motiv frå Bibelen.

    Overalt på veggene hang gamle svart-kvitt-bilete av menneske frå gamle tider. I taket lyste ei stor Det var ikkje mykje plass å gå på, sidan golvet var fylt opp med gamle, dyre møblar i fargar som likna tapeten.

  2. Diskuter med ein medelev:

    • Korleis vil de beskrive rommet med eigne ord?

    • Kven trur de bur der?

    • Kva slags hus trur de har eit slikt rom?

    • Kvifor vil de beskrive det slik? Var det noko med orda som blir brukte i beskrivinga? Marker ord eller setningar som gjer at de fekk det de gjorde.

Del 2: Besøk rommet

  1. Miljøskildringa de nettopp las, var ei skildring av rommet under. Besøk rommet. Det er eit 360-bilete, så de kan bevege dykk rundt i rommet med musetasten eller ved hjelp av touch-skjerm på mobile einingar. Trykk gjerne på symbolet øvst i høgre hjørne for å få fullskjerm.

  2. Diskuter i par: Var rommet slik de såg for dykk? Kvifor (ikkje)?

Del 3: Skriv ei eiga miljøskildring

Velg en av oppgavene under:

Oppgave 1

  1. No skal de skrive ei miljøskildring av eit 360-rom. "Gå inn i" rommet under. Lag ei miljøskildring av rommet. Bruk ordlista under 360-biletet viss du treng hjelp til gloser.

  2. Les miljøskildringa høgt for ein medelev. Hadde de beskrive rommet likt?

Oppgave 2

Lag ei miljøskildring av eit rom du kjenner godt.

Ordforklaring:

Ein omn
er noko som gir varme i eit hus. Han kan vere elektrisk, eller du kan legge ved i han.
Ein duk
er tøy du legg oppå bordet for å verne det, eller for at det skal sjå fint ut.
Ei vogge
er ei lita seng du kan bevege på (vogge) for at babyar skal sove.
Ein kommode
er eit skap med skuffer til å legge klede i.
Eit pledd
er eit teppe, eit stoff, som du til dømes legg i ei seng (eit sengepledd).
Blonder
er eit tynt stoff, ofte kvitt og med mønster. Gardiner og dukar er ofte laga av blonder.

Oppgåve 2. Les ei miljøskildring frå ein roman

Miljøskildringa under er dei første setningane i kriminalromanen Blod på snø av Jo Nesbø.

  1. Les miljøskildringa under.

  2. Beskriv stemninga i teksten.

  3. Diskuter med ein medelev:

    • Vil de beskrive stemninga likt? Forklar for kvarandre.

    • Korleis skriv Nesbø for å lage ei spesiell stemning?

  4. Den siste setninga kjem som ei overrasking, eller ein kontrast til resten av miljøskildringa. Forklar kvifor.

Snøen dansa som i lyset under . , visste ikke om den ville opp eller ned, lot seg bare føre av den helvetes, iskalde vinden som kom inn fra det store mørket over Oslofjorden. Sammen de, vinden og snøen, rundt og rundt i mørket mellom de e ene på kaia. Til vinden ble lei og satte fra seg innerst ved veggen. Der hadde den tørre, gjennomblåste snøen sammen under skoene på mannen jeg akkurat hadde skutt. (Nesbø, 2015, s. 7)

Oppgåve 3. Skriv ei kort miljøskildring

Vel ei av oppgåvene under:

  1. Skriv ei kort miljøskildring, cirka 5–6 setningar, av ein stad du veit om utandørs. Ta med ei beskriving av veret, og korleis det ser ut rundt deg. Bruk gjerne miljøskildringa over til inspirasjon.

  2. Lag ei miljøskildring til biletet under.

Les og få tilbakemelding

  1. Les miljøskildringa di for ein medelev.

  2. Var det nokon som fekk til ei skildring dei blei nøgde med? Les gjerne høgt i klassen.

Kjelde

Nesbø, J. (2015). Blod på snø. Aschehoug.

Relatert innhald

Fagstoff
Miljøskildring

Om miljøskildring i skjønnlitteratur. Tilrettelagt for deg som har norsk som andrespråk.